Kakekuler
Mat
/
October 24, 2024

Oktober er startskotet for bursdagssesongen i heimen, og for to veker sidan feira me niårsdag med brask og bram. Stort sett alltid er sjokoladekake på menyen, og stort sett alltid er det restar att. Her er oppskrifta på korleis upcycle tørre sjokoladekakerestar til saftige kuler som får bein å gå på.
Ingredienser
- 1/2 langpannekake med sjokoladesmak
- 100 g kokesjokolade
- 2 ss kaffi
- 50 g smør
Smuldre saman kakerestane i ei bakebolle. Har kaka sjokoladeglasur, kan den fint vere med i deigen. Vår kake hadde rosa smørkrem, så akkurat den fjerna eg før smuldring.
Smelt sjokolade saman med smør og kaffi i vassbad. Hell over kakesmulane og elt det saman til ein tjukk deig. Trill like store kuler som du eventuelt rullar i noko godt før servering.
Viss du vil ha ein bitter tvist, kan du rulle dei i kakao. Vil du ha noko sprøtt, prøv finhakka nøtter (kanskje salte peanøtter?) eller kakestrøssel. Viss du skal gjere dei ekstra gode, kan dei også dyppast i sjokolade før du pyntar dei med noko fint. Dei er mjuke, så eit knasande element er alltid ekstra godt.
Har du anna type formkake, som krydderkake eller gulrotkake, kan ein lage kuler med til dømes kvit sjokolade.
Ekstratips 1: desse kan også fint frysast ned og tas opp når du til dømes skal på tur og vil ha med deg noko ekstra godt, eller for å alltid ha noko godt på lur når du får lyst på noko søtt.
Ekstratips 2: tilset du litt romessens i deigen, kan du lage punsjrullaktige kuler. Det er godt det!

Verktøykassa i vinter
Kvardag
/
October 22, 2024
.png)
Her er verktøykassa for å komme seg gjennom vinteren med helsa og vetet i behald.
- Weleda Skin Food - dette multitoolet av ein krem er kombinert handkrem, fotkrem, kuldekrem og ypperleg base under sminke. Den fungerer til alt og er fast inventar i baderomsskapet gjennom vinteren. (Bilete: Kinsarvik naturkost)
- Pukka Original Chai - ein treng krydder og varme i vinterhalvåret. Denne teen gjer dei mest ruskete haustdagar koselege på 1-2-3. (Bilete: Kinsarvik naturkost)
- Neglelakk i burgunder - No har ikkje dette beint fram med fysisk helse å gjere, men når kroppen bleiknar, er det då fint å ha noko fargerikt å sjå på. I vinterhalvåret er denne på etter eg har vore hjå fotterapeut, eller "hovslagar" som eg likar å kalle det i mitt tilfelle. (Bilete: Lyko)
- Tran - Og gjerne med sitronsmak. Eg har trua på at ei spiseskei til dagen gjer sitt både for immunforsvar og huda. (Bilete: Möllers)
- Purelan - Denne vart først oppdaga då eg var førstereis med amming. Den er ein vidunderkrem for såre brystvorter, men skulle vise seg å også vere Formel 1-versjonen innan leppepomade! Denne reparerer sprukne lepper og tørre negleband i ein fei. (Bilete: Vitusapotek)
- Biblioteket - om sommaren er dagane lange og ljose og det er ikkje alltid like enkelt å finne tid for lesing. Når mørkret seinker seg derimot og gjeremålslista utandørs krympar, er det den perfekte tida for å finne fram leselysta att. Å ta ein tur innom det lokale biblioteket er den beste staden å starte. Her finn du både eit rikt utval, gode tips og alt er gratis!
- Ingefær - eg har ingefær i det meste om vinteren, og vert eg sjuk lagar eg heksebrygg av kokt vatn, ingefær, sitron og honning. Eg er usikker på effekten, men godt smakar det. (Bilete: snl.no)
- Ullsinglet - dette er litt som ein redningsvest når dagane vert kaldare. Med ein slik innerst, kan du gå i det meste i garderoben av skjorter, blusar og tynne genserar utan å fryse huda av deg. (Bilete: Dilling)
- Honning - det trengst både i tekoppen og på brødskjeva, -og gjerne Imsland honning sin frå indre Haugalandet. Den kjem mellom anna frå bikuber i nabolaget vårt! (Bilete: Imsland honning)
- Dagsrevyen - i ei verd med stadig meir informasjon, overskrifter og kanalar å forhalde seg til, er det trygt og godt å ha nokon som siler ut det viktigaste og forklarar det til deg på faktabasert og reflektert vis. Dagsrevyen gir ro i sjela, også når verda verkar kaotisk. (Bilete: nrk.no)
96-åring, fjellsøvn, sauesafari og dystopisk bok
Kvardag
/
October 20, 2024

Denne veka starta i motbakke med tomme sokkeskuffer, ein iPad som mangla og generelt dårleg søvn. Sjølv om ikkje søvnen og sokkesituasjonen betra seg kraftig utover veka, var det haugevis av glitter å spore likevel. Her er noko av det, fanga med mobilen.
Først ut er å vandre rundt i hausten, tørrskodd med kvite converse. Kven har det eigentleg slik? Ikkje vestlendingar ihvertfall! Men fint er det, når me kan late som om me er med i ein episode av Gilmore Girls og alt er så haustidyllisk som me kan draume om.

Allereie på tysdagen hadde me ei stor feiring. Mormor fylte 96 år og ho er ei enormt sprek dame. Ho hadde allereie vore på trim den dagen, der ho hadde starta oppvarminga som vanleg medan ho venta på bussen med faste knebøyrepetisjonar. Så hadde me familieselskap tidleg på dagen, då ho skulle rekke foredrag med Erika Fatland som kom til Etne for å snakke om den nyaste boka si på kvelden. For ei dame! Mormor er ein av mine heltar i livet.

Veka gjekk i turbofart med jobb, skule, møter og aktivitetar på kveldstid. Det går i utgangspunktet stort sett greit, men akkurat no er me inne i ein dårleg søvnfase med minstemann. Då me kom til fredagen og var vel frynsete i kantene, måtte me motvillig kaste inn handkledet på ein invitasjon me hadde gledd oss lenge og vel til. Det er det suraste med søvnmangel, -når du ikkje får gjort dei tinga som du veit også gir glede og energi. Men somme gonger må ein kapitulere.
Då barnevakten var booka for lengst, drog me opp på hytta då den uansett måtte vinterstengast den helga. Etter å ha gått ein tur, tatt eit siste bad i Ilsvatnet for sesongen og varma opp ein mjølkekartong med supperest frå veka som var, trilla me i seng kl. åtte og sov til sju neste dag. Eg kan ikkje hugse sist eg hadde elleve timar med søvn. Det er det sjukaste.


Å pusse tenner på hytta i måneskin, er noko av det mest stemningsfulle som finst.

Etter å ha fylt hytta med ved, tømt vassdunkar, samla saman sengetøy, mat som ikkje kunne overvintre og anna, snegla me oss ned lia. Brått traff me på ein tiur i vegen. Den held til oppe i Auastadlia og går i vegen for å ete sand. Den traska foran oss lenge og var eit fasinerande syn.

Uforskamma pigg etter maratonsøvn, ville eg ut på tur. Då eg ikkje fekk med nokon som helst som selskap, vart det med lydboka 1984 på øyret. Eg lytter til den via programmet Leseklubben på Nrk og eg ELSKAR det! Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har starta på 1984, men den har vore så mørk og dystopisk kvar gong at eg ikkje har orka å lese vidare. Men no! Med Christine Lossius Thorin, Kristoffer Olsen og Live Nelvik, som preikar om det me les, etappe for etappe, vert stoffet lettare, enda meir interessant og frykteleg gøyalt. Den neste boka som skal lesast i Leseklubben, er Heroin Chic. Den skal eg prøve å få med meg den og.

Teddy er fosterbarnet vårt og elskar kos, våtfôr og å sove. Også er han imponerande god på trafikksikkerheit og å fange mus. Då me bur i eit vegkryss, har ikkje tidlegare kattar på tunet hatt dei lengste levealderane, men Teddy framstår som ein over gjennomsnittet klok katt. Han veit ihvertfall akkurat korleis han skal sjarmere oss.

Det er eit år sidan Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Me må for all del ikkje gløyme at han også dediserte prisen til nynorsken. Det minnar dette Nobelkruset i gull meg om. Den er ikkje spons. Eg fekk den av mor mi til jul.

Søndagen i dag vart via til førebuing av den komande veka. Medan O og dei to eldste heldt på med nokre prosjekt heime, tok eg og minstemann ein sykkelsafari rundt Litledalsvatnet. Det var ikkje reint lite me såg undervegs. Heile to gravemaskinar, ein hjullastar, ein lift, fleire traktorar og haugevis med kyr og sauer. Passasjeren var så full av inntrykk at han duppa av på heimturen.

Eg prøvde å få rydda unna alle halveis ferdige prosjekt frå veka som var. Resten av epla frå hagen vart kokt til eplemos, drivhuset vart vaska ferdig (ikkje av meg), eg sette deig til to kvardagsbrød, laga ein stor kvardagssalat og raska saman ein sjokoladegranola som nokon hadde delt oppskrifta på på Instagram. Saman med nok hardkokte egg i kjøleskapet, er me godt skodde for raske måltid og matpakkar i veka som kjem. Det er redningen dei dagane timane ikkje strekk til. No gjenstår det berre å pare sokkar og leite fram iPads og støvlar, så er me jaggu meir klare enn for ei veke sidan.
Og sjå! Åkeren bjuder fortsatt på:

Haustsørvis for snobbejakka
Ta vare på
/
October 19, 2024

Aftenpostens Vink skriv om oilskinjakkene som gjer sitt inntog i motebiletet igjen. Enda meir konkret, av det britiske merket Barbour, som ofte er assosiert med britisk overklasse, livet på landsbygda og konservative verdiar.
For ein gongs skuld er eg heilt på ballen med omsyn til trendar, sjølv om eg verken er overklasse eller særleg konservativ i verdiane. Barbour-jakka mi kjøpte eg brukt på Finn.no i 2016 og den har vore i bruk sommar som vinter sidan.
Eg elskar den himmelhøgt, men kvifor?
Kan det vere fordi eg vaks opp med besteforeldre som fora meg med Agatha Christie-bøker og som ofte såg på Med hjarte på rette staden og erkebritisk krim på fredagskveldane då eg var innom? Sneik den britiske estetikken seg lydlaust inn og fekk klang av noko gjenkjenneleg, trygt og besteforeldreaktig?

Eller er det fordi eg gjekk eit år på Oslo Vest-aktige Gymnasium Othmarschen i Hamburg då eg var atten, der den uoffisielle skuleinformen til mange var oilskinjakke, Ralph Lauren-skjorter og seilersko?
Eller er det kort og godt at den er eit enormt praktisk plagg som passar i all slags vêr, både på veg til jobb, som i åkeren, på fjelltur og over ein sommarkjole på veg til fest? Er det det at den toler så og sei alt, og med litt omsorg kan vare livet ut?
Det er nok som ofte, summen av alt.
Årsaka til at den heiter oilskin, er nettopp at bomullsstoffet er innsett med voks eller olje, og såleis får ei feit overflate som vert vassavstøtande. Det er rett og slett ei form for regnjakke, om ein behandlar den rett. For å halde overflata ved like, er det lurt å behandle den minst ein gong i året. Det finst mange metodar og ein kan også levere jakkene inn til profesjonell voksing, men så langt har me kjøpt Barbour sin eigen voks som me har påført heime. Det fungerer veldig fint.
Slik voksar du ei oilskinjakke:
Tørk over jakka med ein fuktig klut, slik at overflata er rein for støv og skit. La den tørke heilt.

Reparer eventuelle hol eller saumar som er gått opp. Har du tråd i same nyanse som stoffet, kan sjølv amatørar reparere den på fint vis.

Har du begrensa med tolmod, sørg for å ha nokon i husstanden eller andre som kan hjelpe deg når livet går deg i mot (les: du ikkje får til symaskina).

Varm opp voksen så den vert flytande. Bruk ein svamp og påfør voksen på overflata på jakka i eit tynt lag. Ta også over saumar og i alle krinkar og krokar. Ta dei ulike delene av jakka i kvar sine omgangar, ikkje heile jakka på ein gong.

Gå over med hårfønar, slik at du smelter voksen inn i stoffet. Heng jakka til tørk over natta før du tek den i bruk.

Voila! Du har ei vassavstøtande jakke som vernar deg mot vind og regn i ein sesong til.
