GLITTER OG GRØNSKE

Påske i Hotellkrossen

Påske

/

No items found.

April 13, 2023

Påska er over og den vart heimespikka og fin. Her er nokre utdrag frå kamerarullen på telefonen.

At ein kun har advent før jul er alt for lite. Ventetida er jo ofte den koselegaste tida, så eg har dei siste åra byrja med påskeadvent. Påskepynt og påskeblomar må fram seinast to veker før påske. Det gjeld å suge på karamellen så lenge ein kan, for påska er den avslappa og trivelege veslebroren til jula som ofte har litt for høge forventningar og krav. Påska ligg der også så fint og markerer slutten på vinteren og starten på våren, med blanke ark og fargestifter til. Om ein vil gå på ski, finn ein skispora innan ein times køyretid. Om ein vil gå på beina, kan ein ofte gå tørrskodd til ein nut. No bur me også der "alle" kjem heim til påska, slik at me ikkje ein gong treng å pakke bilen full kvar gong det er påske. No er me der me tidlegare pleide å reise. For ein luksus!

Nokre veker før påske plukka eg greiner med gåsungar frå seljetrea og greiner med kongler frå den store lerka oppi vegen. Greinene stod framme i bukettar og borddekorasjonar til påska var over.   Pynten ein finn ute er alltid beste pynten.

Nytt av året, er flisekuttar som me kan bruke når me ryddar langs bøane. Det er grodd igjen mange stader, og når me no rydder opp slik at ein kan hauste meir gras kjem også steingardane og kulturlandskapet kjem betre fram. Det beste er likevel avfallet! Treflis er ein kjemperessurs i åkeren der den kan nyttast til jordforbetring samt som som toppdekke der me skal gå mellom åkerradene. No ligg ein haug klar i enden av åkeren, klar til å fordelast når me har spadd jtil radene slik me skal ha dei denne sesongen.

I starten for "Mord og mysterier" vart det "Omgangssjuke og mysterier" i palmehelga. Spenninga var til å ta og føle på då ein etter ein låg nede for teljing og me venta storinnrykk seinare i veka. Heldigvis kom alle seg og påskehelga inviterte me til dåpsfest for minstemann. Då me har familie som kjem langvegsfrå i Noreg, men også Danmark og Sveits, laga me dåpsmiddag på laurdagen og hadde brunch etter gudstenesta søndagen, slik at folk ikkje måtte ha så sein avreise. Det var utruleg kjekt å samle alle att til ei feiring og me fekk prata oss tomme (det er ei overdriving. Det er alltid noko nytt å drøfte) og ete oss fulle på alt som er godt.

Menyen vart ein slager og må gjenbrukast på nytt. Til forrett hadde me blinis med chevre og honning og ein med røykelakskrem laga på far min sin røykelaks. Til hovudrett hadde me gryte og til dessert hadde me denne appelsinkremen med Kvikk lunch på toppen. Den var akkurat så påskete og friskt som ein treng det etter ein tung middag og kunne lagast dagen før. Ei solid anbefaling der!

For ungane var påskeeggjakta den mest spanande desserten. Den vart tyskinspirert etter slik vertsfamilien min i Hamburg gjorde det kvar påske. Dei gøymde små sjokoladeegg rundt omkring i hagen og så måtte borna leite etter dei. Det funka fint sjølv då eggjegerane var alt frå tre til fjorten år. Etterpå var det høgtideleg fordeling av godene og som ein kan sjå på biletet, og ingen sat så stilt som då.

Som seg hør og bør på Vestlandet må ein også ha eit robust kakebord, og det hadde fleire polske innslag denne gongen då naboen vår, Jolanta, vart hyrt inn som kakebakar. Rullekake med valmuefrø, som er ei typisk polsk påskekake, har definitivt segla inn som ein av mine kakefavorittar. Det var utruleg godt! Eg må prøve å lage den sjølv, og om oppskrifta slår an vert den posta her. Bilete av maten vart det dårleg med men det pleier å vere eit godt teikn om ein er meir oppteken av å ete den!

Borddekkinga vart eit resultat av "man tager hva man haver". Det me ikkje hadde av dukar, glas, bestikk og stolar, lånte me frå foreldra mine sitt hus. Av tomme maisboksar laga eg mosevasar som me putta hageblomar i og i siste liten sydde eg tøyserviettar av systra mine sine pensjonerte gardiner. Då eg ikkje hadde tid til å lage fin kant på dei, vart det sikk sakk-saum i kantane og dei fekk ein litt røff finish. Det vart i grunn fint då eg laga dei om til kaninøyrer på tallerknane. Som kaninhovud brukte eg eit hardkokt egg som eg skreiv namnet på gjestene på. Då vart dei brukande bordkort også.

Då påskefesten var over og gjestene var reist, bles det voldsomt opp og me måtte ut å berge både hagestolar, bøtter og anna som bles avgarde. Eg tok meg ein ekstra bossplukkerunde rundt bøane då ting og tang pleier å ende opp langs steingardane. Det er best å plukke medan graset er lågt og alt ligg synleg.

Trass i sterke vindkast, såg blomane i hagen uanfekta ut. Påskeliljene som elles gøymer seg i plenen gjennom året, står no som struttande mørkegrøne tuer. Krokusen blømer fortsatt og Scillaen har lagt seg som blå teppe fleire stader. Så fint alt dette er!

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat nå…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.