GLITTER OG GRØNSKE

Matpakkebrød

Mat

/

No items found.

November 17, 2022

Å bake brød kan vere ein krevjande prosess for oss som er utolmodige og som elskar brød. Prinsippet om "dess lengre elting dess betre brød" og to heverundar gjorde at eg som oftast enda med å kjøpe brød i butikk i staden for å bake sjølv i fleire år.

Etter at eg oppdaga konseptet eltefritt brød gjennom Ina som skriv bloggen Mat på bordet, endra dette brått på seg. Ingen elting, og hevetid som kan gjerast over natta medan me søv, gjer alt så mykje enklare. Når ein i tillegg vert belønna med nysteikt brød til frukosten og matpakka, det er rimelegare å bake sjølv enn å kjøpe i butikk og du bestemmer sjølv kva som er i brødet, er gevinstane uendeleg mange.

Eg har eksperimentert med mange eltefrie oppskrifter dei siste åra og stort sett steikt brødet i ei rund jerngryte som eg har varma opp saman med omnen. No når eg har fått større born, har eg gått over til å bake brøda i vanlege brødformer. Då er det enklare for borna å skjere brødskiver sjølv. Det er ikkje alle oppskriftene eg har brukt opp i gjennom som har truffe smakspanelet like godt. Ofte har det handla om at eg har falle for freistinga med å lage deigen for grov, og brødet har fått ein litt for tung konsistens.

Denne oppskrifta her har derimot blitt ein fast gjengangar det siste året som kvardagsbrød og matpakkebrød. Dei eg bur med gir ståande ovasjonar på smak og konsistens, brødet held seg saftig over tid og det er passe grovt. Då ein bruker mindre gjær i eltefrie brødoppskrifter, må ein la deigen heve lengre, men det gjer også at ein som sagt kan kombinere det med ei god natt med søvn eller ein arbeidsdag.

2 matpakkebrød

  • 800 g sikta kveitemjøl
  • 200 g sammalt rugmjøl, grovt*
  • 100 g byggmjøl
  • 100 havregryn
  • 50 g frø (her tek eg på slump)**
  • 2 ts gjær
  • 1/2 ts salt
  • 1-2 ss lønnesirup**
  • 1 dl rapsolje
  • 1 liter kaldt vatn

Bland alt det tørre, og tilsett så det våte. Bland godt slik at du får ein jamn og fin deig. Den skal vere litt flytande. Dekk til bolla og la den heve over natta eller gjennom arbeidsdagen. Set omnen på 240 grader, over- og undervarme. Aus like mykje deig over i to brødformer, dekka med bakepapir eller ferdigsmurte. Ta litt vatn på hendene og klapp brøddeigen jamnt utover brødformene slik at dei vert flate. Om du ynskjer frø på toppen, dryss dei over før du klappar ned med våt hand. Den fuktige overflata bidrar til ekstra sprø skorpe. Steik på nederste rille i 40 minutt.***

*Somme gonger er det grove mjølet sammalt kveite, somme gonger er det sammalt rug. Det kjem heilt an på kva eg har i kjøkenskapet. Men sikta kveitemjøl, byggmjøl og havregryn er faste gjengangarar.

**Det er ikkje nødvendig med lønnesirup og frø, men sirupen gir litt sødme og farge og frøa litt krunsj. Eg plar bruke Änglamark si femkornblanding når eg tilset frø i deigen, og gresskarkjerner og sesamfrø på toppen før brøda går inn i omnen. Her er det ikkje så nøye kva du bruker, -eller om du bruker frø i det heile. Det viktigaste er at dei som skal ete det likar det.

***etter ti-tjue minutt kan du sjekke om brøda har fått passeleg med brunfarge. For å unngå at dei vert for godt steikte på toppen, kan du legge eit bakepapir eller sette eit steikebrett på rilla over resten av steiketida. NB! Pass på at du ikkje kjem borti varmeelementa øverst i omnen med bakepapiret så det tek fyr. Kremt. Det har eg gjort.

Hjå oss forsvinn to brød på to-tre dagar til frukost, matpakkar og kvelds. Har me suppe eller gryte til middag, går det fort med nokre skiver med smør på sida av. Brøda oppbevarer me stort sett inntulla i eit kjøkenhandklede på kjøkenbenken eller set dei på høgkant på ei brødfjøl om dei er påbyrja. Fordelen med å ikkje ha brødet i plastpose eller lufttett boks, er at skorpa held seg sprø. Om brødet er blitt litt tørrare på tredje dagen, vert skiva berre ekstra god om ein sender den ein tur gjennom brødristaren.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.