GLITTER OG GRØNSKE

4 grep som kan redusere sjukefråveret

Samfunn

/

No items found.

October 16, 2024

Nordmenn,og særleg kvinner, er på topp i sjukefråver, samstundes som fødselstala dett nedover. Er det berre å bli flinkare til å «ta på eiga oksygenmaske først» eller kan ein gjere fleire grep i det som allereie er eit av verdas beste arbeidsliv? Eg held ein knapp på det siste.

Nyleg kunne E24 melde at sjukefråveret i Noreg fører til 20,7 milliardar kroner ekstra i utgifter i årets statsbudsjett. Det legemeldte sjukefråveret i 2.kvartal 2024 er 7,1% høgare enn året før.

Om ein ser på gruppa 35-39 år, er sjukefråveret for menn 4,1%, medan sjukefråveret til kvinner 8,6%.

Korleis kan det ha seg at kvinnene er over dobbelt så mykje sjukemelde enn menn på same alder?

Graviditet kan heilt klart vere ei årsak til at kvinner i fruktbar alder har høgare sjukefråver enn menn.

Samstundes er det nokre andre faktorar som er verdt å ta ein kik på.  

Frå 1990 og fram til i dag, har andelen kvinner som jobbar deltid i arbeidslivet lege på jamt 35%. At ikkje fleire går inn i heiltidsstillingar og at det legemeldte sjukefråveret aukar, kan vere eit symptom på at det er kvinnene som brukar mest tid på det ulønna arbeidet i heim og med born, som gjer at dei har ein usynleg byrde. Ein snakkar gjerne om det tredje skiftet.

For seksti år sidan var det rekna som eit fulltidsstilling å vere heimeverande, og å ta seg av hus og born. Sjølv om norske menn har tatt større del i omsorgs- og husarbeid sidan då og ein har fått fleire hjelpemiddel inn i heimen, er det framleis særs mange oppgåver som skal gjerast når arbeidsdagen er over.

Spond-appen kan ikkje organisere barnebursdag eller køyre ungane på trening. Robotstøvsugaren kan ikkje vaske toalettet, pare sokkar, eller passe på at det er støvlar i rett storleik, brød og vaskepulver i hus.

Om ein i ein familie har to vaksne som jobbar fulltid, born i barnehage og/eller grunnskulealder og ein heim som skal driftast, er det for få timar i døgnet til å utføre alle oppgåvene.

Det er eit reknestykke som ikkje går opp.

Går det opp har du gjerne tilgong på mykje barnevakt, jobbar utanom 8-16 i kvardagen, eller har råd og moglegheit til å kjøpe tenester som kan fjerne nokre av oppgåvene frå lista.

Mange av råda til korleis folk (og særleg kvinner) kan stresse ned, er at dei skal «ta på seg eiga oksygenmaske først», men her er fire samfunnsmessige grep eg har vel så mykje tru på:  

1.      Utvide antal permisjonsdagar med løn når ein har sjukt born.

2.      Innføre fleksibel arbeidstid som grunnordning på alle arbeidsplassar (der det er mogleg).

3.      Flytte den 6. ferieveka som i dag blir gitt til arbeidstakarar over 60, til arbeidstakarar som har born under 13 år.

4.      Fjerne mva på reingjerings- og reparasjonstenester, slik at fleire kan ta seg råd til å kjøpe inn hjelp i heimen.

Hausten fanga med sansane

Utetid

/

No items found.

October 14, 2024

Desse vekene me er inne i no, er dei nydelegaste i året. Det grøne går gradvis over i gult, raudt og oransje før det endar i brunt og fargelaus. Det gjeld å stoppe opp og nyte overgangsfasen for før ein veit om det, er den forbi.

I ettermiddag gjekk eg opp Austadlia. Det vart mange stopp, då eg stadig måtte snu meg for å sjå utover bygda, som var i haustdrakt, bada i rosa kveldsol.

Lufta var kald og knasande og berre nokre sauer haldt meg med selskap.

Slike stunder når både øyrene, augene og resten av kroppen sansar, veit eg at augenblinken kjem til å bli enda betre lagra i minnet og kan tas fram att lenge etter. Stunda sit i kroppen, ikkje berre i hovudet.

Blåbærruter

Mat

/

No items found.

July 26, 2024

For litt sidan fekk eg postkort frå vertsforeldra mine i Hamburg og eg fekk akutt Tysklands-sakn. Etter å ha budd der i to år, kjennest det bittelitt som ein ekstra heimstad. Det er mykje å elske med Tyskland, og ei av sakene er bakeria. Då snakkar me ikkje om norske bakeri med gigantiske kanelboller og djupe sofaer, men desse søte bakeria med kaker i alle smakar og storleikar, som ein kan innta på små kafébord i eit ofte litt utdatert interiør, men det er det ingen som bryr seg om. Det som verkar trengst ikke endrast på. Det er typisk tysk og eg elskar det.

Då eg plukka kilovis med blåbær i juli, var det midt i blinken for å lage ei vaskeekte Streuselkuchen med blåbær, nærare bestemt: blåbærruter. Det er litt som ei smuldrekake, men den har smuldredeig både på toppen og botn med blåbærfyll i midten. Det er nyydeleg, anten heilt aleine med ein kaffikopp, eller saman med litt vaniljeis eller saus.

Blåbærruter

Deig

  • 350g sikta kveitemjøl
  • 200g sukker
  • 2ts finreve sitronskal
  • 1ts bakepulver
  • 220g kaldt smør skåre i terningar
  • 1 egg

Fyll

  • 500g blåbær, vaska
  • 50g sukker
  • 4ts potetmjøl

Bland saman dei tørre ingrediensene til deigen. Bland så inn resten og bruk gjerne matmølle. Har du ikke det, fungerer hendene like godt. Smuldre smøret slik at det fordeler seg jamt saman med resten av ingrediensene.

Bland saman blåbær, sukker og potetmjøl i ei skål.

Finn fram ei lita, rektangulær form og dekk den med bakepapir, eventuelt smør den og dryss over litt kveitemjøl. Ta halvparten av deigen og dytt den ned i botn til eit jamnt lag. Fordel blåbærfyllet på deigen og topp med resten av deigen. Smuldre den over med hendene, slik at du har dekka heile forma nokonlunde.

Steik i omnen på 180C i omtrent 40 minutt til toppen er gyldenbrun. La kaka kjølne før du skjer den opp i ruter og serverer. Kos deg!

Kjøkenhagen i juli

Hage

/

No items found.

July 24, 2024

No i juli har kjøkenhagen heime eksplodert. Det veks som det knakar både i matvekster og blomstereng (ohoi, blomsterenga må me snakke meir om seinare!).

I plantekassane nærast hagen, har me  eit Maria Berg Hestad-prosjekt. Då ho hadde foredraget sitt Matauk i pallekarm i Etne i vinter, kjøpte eg den store pakken med frø til alle 12 pallekarmane ho har i boka. Me har ikkje fulgt såprogrammet som er skildra i boka 100%, då noko av det som skal dyrkast vert allereie dyrka andre stader i åkeren. Likevel har det vore artig å sjå korleis ein kan utnytte ein pallekarm best mogleg ved å så og hauste fleire sortar til ulike tidspunkt gjennom sesongen.

I juli har me hausta reddik, gulrøtter, salat, urter, betar, brokkoli og grønkål frå desse pallekarmane. No på slutten av månaden skal me også ta opp dei første sommarpotetene.

Elles i åkeren er det meir gulrøter (i plantekassar), sukkererter i mengder, kvitlauk, lauk, grønkål, raudbetar, salat og pak choi som me et no.

Raudbetane står til tider tett, men då haustar me litt her og der slik at me tynnar dei samstundes. Det same gjer me med gulrøtene og betane.
Sjekk den brokkolien! Vakkert!
Min favoritt-kål, knutekålen, er ny sort i åkeren og no kjem den for fullt! Dei er litt for små til å haustast enda, og skal få kose seg og vekse seg større før me et dei.
Det beste med sukkerertene, er at dess meir me et, dess fleire blir dei!
Solsikkene byrjar å strekke seg høgt og på seinsommeren står alle i blom.
Agurkurten veks villt i åkeren, og somme stader let me den vekse opp i tuer. Blomane smakar som agurk og er både fine å ha i salat, og som tørka kakepynt. Like bra er at dei også er ein skikkeleg humlefavoritt!
For at pallekarmane med salat verkeleg skulle bugne under open hage, lot me dei vekse og vekse. Det førte til at fleire sorter frøa seg, men me et fortsatt av salatblada og dei kjem igjen og igjen.
Den første solsikka er på plass!
På dette tidspunktet av sesongen prøver ugraset alltid å få overtaket. I år har me klart å halde det meir i sjakk enn vanleg. Kanskje fordi me luka litt meir enn vanleg i juni grunna open hage?
Me klypper ein liten sti mellom blomstereng og kjøkkenhage med plenklyppar. Elles får det vekse nesten vilt på begge sider. Det er ein herleg korridor!

Mykje et me ferskt som det er, og fleire sortar som gulrot, salat, reddik og betar til dømes, har me ikkje meir av enn at det er nok til forbruket vårt her og no. Grønkålen held seg heilt fin i åkeren fram til frosten kjem, så den kan ein like gjerne la stå om ein har lyst på grønkål også utover hausten.

Likevel er det nokre saker eg likar å foredle i juli.

  • Bær som rips, bringebær, blåbær og multer som me anten har i hagen eller sankar i skog og på fjell, frys eg anten heile ned i mjølkekartongar, lagar saft eller likør av. Safta frys eg ned på glas, medan likøren held seg fint i tørt og tett Norges-glas i kjøleskap eller jordkjellar.
  • Kronblada til ringblomen og blomane til agurkurten tørkar eg og brukar til kakepynt gjennom året. Det er både vakkert og nyttig!
  • Graslauken klypper eg ned og finhakkar fleire gonger gjennom sesongen. Eg let det tørke på eit steikebrett i romtemperatur nokre dagar før eg har det på eit tett glas til bruk i sausar og gryter.
  • Urter som oregano og mynte tørker eg til bruk som krydder og te. Då kan ein fint klippe bukettar, knyte dei saman og henge opp ned til tørk. Oppbevar på lufttett boks fram til det skal nyttast.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.