Sommarspritzer
Mat
/
July 19, 2024

Har ein laga saft av rabarbra eller sommarbæra, har ein mykje godt i vente. I tillegg til at saft er ypperleg til både kvardag og fest, er det også ein super ingrediens om ein vil lage skikkeleg god Spritzer, -både med og utan alkohol.
No skal du høyre.
Denne veka tromma me saman til ein spontan hagefest med naboane og då Ove nett hadde laga rips- og bringebærsaft, måtte me smake på den. Eg laga ein sterkare versjon med gin i tillegg til cava, men om du ønskjer den svakere, kan du droppe gin og heller tilsette litt boblevatn eller Sprite i tillegg til cava og ripssaft. Lagar du alkoholfri variant og ønskjer ein smak av gin, er den alkoholfrie sorten Ginish veldig god! Viss ikke kan du køyre på med saft blanda med boblevatn eller Sprite. Godt blir det uansett!

Sommarspritzer med ripssaft, gin og cava
- 2 cl ripssaft
- 2 cl pink gin
- 10 cl cava
Fyll eit stort vinglas eller anna glas med isbetar. Hell i ripssaft, gin og topp med cava. Avslutt med ferske bær og gjerne ein stilk urte på toppen. Eg brukte nokre rips, nokre bringebær og ein kvast sitronmelisse som me hadde i kjøkenhagen. Mynte og rosmarin kan også fungere godt!
Nyt!

10 råd til deg som vil vere ein god Airbnb-vert
Sirkulærøkonomi
/
July 18, 2024

Våren 2023 bestemte me oss for å prøve å leige ut hytta vår på fjellet her i Etne. Årsaka var at me såg me ikkje kom til å bruke den ofte nok gjennom sommaren og at den kom til å stå mykje tom. Det er dårleg ressursutnytting. Hytter er jo laga for å fyllast av folk og opplevingar.
Sjølv om hytta er ein nydeleg stad, var me skeptiske til om framande ville leige den. Den låg grisgrendt til, langt frå parkeringsplass. Potensielle gjester måtte gå over 6 km for å komme seg dit. Det var ikke innlagt vatn eller elektrisitet, og kun ein litt vindfull utedo som toalettmoglegheit. Dei fleste hyttene i nærleiken hadde langt høgare standard og me gjekk inn i prosjektet med forventningar på botn.
Så skjedde det rare. Det ramla inn med bestillingar. Den eine gjesten etter den andre kom. Frå Tyskland, Noreg, Nederland, Spania, Belgia og Frankrike. Og dei var alle nøgde med fasilitetene og opphaldet! Dei var ikke berre nøgde, -som ein av dei skreiv i hytteboka: "This is paradise!"
Fjoråret var ei enorm positiv overrasking, og også i år leiger me ut deler av sommaren. Her er mine ti beste tips til korleis du gjere opphaldet til gjestene dine best mogleg:
Ha ei "hytteliste" på mobilen
Ved å ha ei liste i notat-funksjonen på mobilen, kan du enkelt føre inn ting du må fylle på eller ordne til neste utleigegjester. Der kan du også legge inn bilete av kvitteringar, ting som må reparerast med meir. Mobilen har du alltid med deg og det er hendig når du står på butikken og lurer på kva for nokre batterier som skulle kjøpast til hytta.
Ver tilgjengeleg, både før, under og etter opphaldet
Svar på alle meldingar frå potensielle gjester så snart du kan og ikkje la dei vente for lenge. Det aukar sannsynet for at dei legg inn ei bestilling. Hugs å skru på push-varsel i Airbnb-appen.
Ver også tilgjengeleg via app og telefon under opphaldet slik at ein får løyst eventuelle praktiske utfordringar eller andre spørsmål raskt. Det skapar tryggleik og tilfredsheit hjå gjesten. Skal du reise bort i tidsrommet og kan ikkje vere like tilgjengeleg, -sørg for å ha ein kontaktperson i bakhand.
Sørg for god, skriftleg informasjon
Ei informativ annonse sørger for at gjestene får eit rett inntrykk av staden dei skal booke og sannsynet for at dei vert tilfredse aukar. Lag også ei standard velkomstmelding som du sender ut når opphaldet nærmar seg, med meir praktisk informasjon.
Lag gjerne ein liten husmanual som du har liggande på utleigestaden. Her varierer det kva type informasjon du treng å ha med. Har du ei enkel fjellhytte som vår, er det fint med steg-for-steg-info om korleis ein nyttar gassapparatet når ein skal lage mat, kor ein finn ekstra ved til vedomnen, samt anna info som kan gjere opphaldet enkelt og trygt for gjestene. Sleng du på nokre turtips (den beste fiskeplassen eller ein topp med nydeleg utsikt?) og informasjon om nærområdet, er det gull! Ha informasjon på både engelsk og norsk.
Har gjestene god og tilgjengeleg skriftleg informasjon, reduserer det også behovet for å kontakte vertskapet. Det skapar mindre arbeid for deg.
Ver ærleg
Ikkje overselg det du skal leige ut. Har hytta di utedo (med meget god ventilering), bør det nemnast i annonsa. Då unngår du skuffa gjester som hadde sett for seg flislagd bad med varmekablar. Me sel det inn som ein del av ei rustikk (hehe) oppleving, og det har fungert knirkefritt!
Ha det gjerne personleg, men ikkje overfylt
Noko av det beste med Airbnb, er at du ofte overnattar i nokon sin heim eller private hytte. Det gjer opphaldet enda meir koselig og interessant enn å bu på eit anonymt hotellrom.
Pass likevel på at staden ikkje kjennest overfylt og rotete. Å ha ei hylle med nips frå ulike reisemål kan vere artig, men er heile leiligheta som ein diger settekasse, kan det bli overveldande for dei som ikkje var med til OL på Lillehammer eller Granca i -02.
Sørg for at staden er utstyrt med det grunnleggande
Handklede, sengetøy, puter, handsåpe og toalettpapir bør vere standard for ei overnatting.
Sørg for at staden er utstyrt med litt meir enn det grunnleggande
Litt tørrvarer i matskapet, kaffi og te samt bøker og brettspel, hever trivselen ytterlegare. Sørg gjerne for at det også er litt førstehjelpsutstyr dersom uhellet er ute.
Reint er viktigare enn perfekt
Det gjer ingenting om leiligheita har eit litt utdatert bad eller hytta eit slete og gulna furugolv, om det er reint. Same om gjestene har bestilt utvask eller ei, gå grundig over hytta før neste gjest. Lag deg gjerne ei sjekkliste så du hugsar alt frå kjøkenskapa til mogleg spindelvev i taket. Det er lett å oversjå noko, men for kvart utleigeapphald blir du meir rutinert.
Legg igjen ei lita velkomsthelsing
Utvalet er stort på Airbnb i Noreg no. At nokon ønskjer å leige hjå akkurat deg er veldig hyggeleg! Ver høfleg og oppmerksam i kommunikasjonen og legg gjerne igjen ei lita helsing til dei når dei kjem. Du veit den sjokoladen på hotellputa? Det kostar så lite, men som gjest kjennest det stort. Prøv å skap den same kjensla hjå deg. Det kan vere ein handskreven lapp, ein kaffipose eller ein sjokolade. Målet skal vere at dei skal kjenne seg sett når dei kjem inn døra.
Legg deg flat om du har skuffa
Mangla hytta noko som du hadde lova eller har du gløymt å gi viktig info? Be om orsak og legg fram eit plaster på såret umiddelbart. Det kan vere delvis refusjon eller rabatt neste gong dei kunne tenkje seg å leige. Dette kjem an på størrelsen på mangelen. Handterer du slike situasjonar godt og med ro, ender du fort opp med nøgde gjester og ein god anmeldelse likevel.
Å vere i flyten
Kvardag
/
July 15, 2024

Utan om ein tur til Palmesus junior-festivalen med dei to eldste borna, tek me første del av ferien heime i år. Håpet var at vêret skulle klinke til, då me har mykje maling som skulle vore gjort på både hus og garasjar.
Vêret blir likevel sjeldan som bestilt på Vestlandet og enda sjeldnare i juli! Då har ein valet mellom å forbanne vêrgudane og fantasere om alle stadene ein skal reise til til neste år, eller å go with the flow i vestlandssommaren. Eg øvar meg på å gjere sistnemnde.
Første punkt på programmet er å makse dei dagane det er fint vêr. Då får rotete hus og andre ting som skulle vore gjort inne fint stå på vent, så me kan vere ute så lenge som mogleg. Det lønnar seg både spontant og i det lange løp. Det er disse dagane ein hugsar utpå vinteren. Ikkje den overfylte kjøkenbenken innandørs.

Ein av soldagane denne veka starta med grytidlig promenade om morgonen med minstemann. Han er eit ivrig a-menneske og denne dagen var intet unntak. Me gjekk inspeksjon i kjøkenhagen for å sjekke at gulrøtene var på plass og at ingen plantekassar vart dehydrerte av det plutselege solgløttet.

Neste stopp på inspeksjonen var feriegjest Laila som låner Leifenhuset i sommar. Ho har alltid ei påsmurt lefse på lur når ein kjem innom, og Lars måtte sjekke om det også var opningstid på serveringsstaden 07.00 om morgonen. Det var det tilsynelatade ikkje.

Slukøyra traska han mot neste potensielle serveringsstad, oldemor. Der kan ein også ha hellet med seg, men heller ikkje der hadde dei høyrt om døgnopen servering.

Det var best å jogge heim i pysj og støvlar, for denne dagen kunne ikkje kastast bort på venting.

Me pakka sekken og vinka adjø til eit kjøken som såg lite rotete ut samalikna med kva det pleier å gjere.


Skogen, fjellet og blåbæra venta!

Men først måtte me krysse eit beite med kviger og kalvar. Dei såg litt skvetne ut, men etter ein telefon til nabobonden fekk me klarsignal til å gå. Lydnivået vart forsøkt på minimum i kombinasjon med roleg gange. Nesten heile gruppa klarte denne oppgåva.

Vel framme fann me blåbær i mengder. Eg trur eg aldri har sett så mykje blåbær på ein gong og var euforisk. Me plukka og plukka, medan ungane bada og leika. For ein dag!

Vel heime reinska me bær og fraus ned i porsjonar. Kveldsmat denne kvelden var ei skål kefir med blåbær, gresskarkjerner og syster Mari sitt heimelaga mandelsmør. Godt!

Då eg var innom senteret i Etne nokre dagar etter, oppdaga eg dette fine stativet. Så fint med klesbutikkar som også inkluderer gjenbruk i salet sitt! Heia Marita som driv butikken!

Torsdag hadde feriegjest Laila bursdag. Ho vart 83 år og inviterte rubb og stubb av Hotellkross-bebuarar på bløtkake i Leifenhuset. Mormora mi stilte også med den legendariske ostekaka si med nyplukka bringebær frå buskane utanføre vindauget.
16 personar stimla saman i den vesle stova og me oia oss over kor mange som hadde budd fast i dette vesle huset for hundre år sidan.

På laurdag drog me på utflukt til Skånevik for å gå på den årlege Pippi-festivalen. På veg inn til sentrum måtte eg ta bilete av eit av dei vakre trehusa. Skånevik er så vakkert og eg blir meir og meir fascinert av staden. Kanskje fordi farfar Lars kom her i frå. Men like fullt grunna den gamle trehussamlinga, alle dei sjarmerande stadene og den enorme porsjonen patriotisme, pågangsmot og dugnadsand som fyller bygda.

Pippia-festivalen er eit produkt av sistnemnde, og teaterstykket som var sett opp i hotellhagen, var ein skikkeleg høgdare.

Etter litt klapping av dyr i dyrehagen og ein is på Krambua, sette me snuten heim til pølsefest. Syskenbornet mitt med born og tanta mi kom også, og me hadde eit realt kalas i hagen. Etterpå såg bordet slik ut og det er slike syn som gjer meg varm i hjarta. Slike bord skal me ha mange av i sommar, også på gråversdagane.

Blomsterenga som me sådde i mai har eksplodert i fargar og vekst. Den er heilt fantastisk og det beste er at den er full av liv! Somarfuglar, bier, humler og andre insekt summar jamt og trutt rundt i den. Kven seier ein ikkje kan gjere miljøtiltak lokalt?

Søndag drog eg og far min til fjells. Eg skulle sette i stand hytta til gjester frå Amsterdam. I mens rodde far min for å fiske og leite etter multer.

Dette åklet som heng på hytta, er eg veldig glad i. Fargane og mønsteret er nydeleg!

Då hytta lukta grønsåpe, nytt sengetøy var lagt på og to mjølkesjokoladar var lagt fram som velkomsthelsing, traska eg med bærplukkaren på myrene rundt hytta medan eg venta på far min. Eg fann multer og blåbær. Dei skal frysast ned saman med dei andre blåbæra, til smoothie og multesyltetøy i vinter.

Eg avslutta veka med joggetur i regnver. Det er eit av grepa med å flyte med med vestlandssommaren: kom deg ut og gjer det du hadde tenkt også når veret ikkje er det beste.
Temperaturen var rundt tjue grader, så eg kom meg rundt vatnet og var strålande nøgd med å ha gjennomført sjølv om det verkeleg hølja ned og eg ein augenblink lurte på om mobilen drukna.

Kva er menskopp?
Grøne tips
/
July 13, 2024
Me kvinner i verda brukar i snitt 11 000 bind og tampongar i løpet av eit liv. Det blir til mykje avfall! Med omsyn til at produksjonen av desse varene også fører til store utslepp, er det også gode miljømessige årsaker til at ein kan sjå etter alternativ til tampong.
Samstundes melde NRK denne veka om ei bekymringsfull sak. Amerikanske forskarar sjekka tampongar kjøpt i EU, Storbritannia og USA. Dei fann giftige metallar som bly og arsen i alle. Ein fryktar dette kan føre til helseskadar hjå kvinner. Det er difor både miljømessige og moglegvis helsemessige årsaker til å sjå på alternativ til tampongar.
Men først, for å velje tryggare tampongar, anbefalar Miljødirektoratet å gå for svanemerka produkt som er underlagde eit strengare regelverk enn andre produsentar. Her er ein fin oversikt over kva for nokre svanemerka tampongar du kan finne i butikk.

Her er ein guide til eit supert alternativ!
skopp er blitt meir og meir populært dei siste åra men har framleis godt av å bli løfta fram i lyset. Eg starta å bruke menskopp for sju år sidan, etter å ha vore skeptisk i fleire år. Eg tenkte det kom til å bli tungvindt, uhygienisk og utrygt, men alle fordommar vart gjort til skamme. Den er no min soleklare mensenfavoritt! Eg har dei siste åra brukt OrganiCup.
Å bruke Organicup føles tryggare, meir hygienisk og er langt meir komfortabelt enn å bruke bind eller tampong. Koppen er enkel å bruke og det einaste "aberet", er at du kan gløyme ut at du har den i, samt at du ikkje kan bruke den om du har spiral. Det er fordi det er fare for at spiralen kan flytte på seg eller bli trekt ut når du tek ut menskoppen.
Set du menskoppen inn på rett vis, kjenner du ikkje at den er der. Koppen er laga av medisinsk silikon, varer i opp til fem år og skal vere heilt trygg å bruke. Den kjem med ein praktisk tøypose som ein kan ha den i, når den ikkje er i bruk.

Ein kan ha koppen i i 8-12 timar om gongen. Det mjuke materialet gjer at koppen formar seg etter kroppen og du kan drive yoga, springe, hoppe, svømme og danse utan at det er eit problem.
Koppen kjem i to størrelsar, ein for dei som ikkje har født vaginalt (str. A) og ein for dei som har født vaginalt (str. B). Det einaste du må passe på, er å sterilisere den i kokande vatn i starten av kvar menstrasjon, før du tek den i bruk. Under perioden, skyller du den berre under springen når du har tømt den, før du set den inn igjen. Dette var den delen eg var mest skeptisk til, men det er mykje meir lettvint og udramatisk enn ein ser for seg.

Når du skal bruke den, folder du den saman som på biletet under, og set den inn. Når du skal ta den ut att, trekk du berre i enden. Fleire tips til korleis du skal sette den rett på plass og andre ting det er nyttig å vete om, finn du her.

Menskopp er kort og godt enklare, meir økonomisk og betre for miljøet enn tampongar og bind. No er den også eit tryggare alternativ, etter studien som undersøkte innhaldet i tamponger selde i Europa og USA.
Det er elles ikkje berre OrganiCup som produserer menskopp. Også Mooncup, Divacup og Lunette fører det same konseptet. Om du bur i Etne, har dei merket Belladot inne på Vitus apotek på Etne senter. Eg kjenner fleire som er nøgde brukarar av dei ulike merka, men eg har så langt berre testa ut OrganiCup. Eg er utruleg nøgd og kjem til å fortsette med den.
Dette er ikkje spons, men produkt kjøpt for eigne kronasjer. Dette er forresten eit fint gåvetips til dei som har alt! Eg har kjøpt fleire som eg kan gi bort.