GLITTER OG GRØNSKE

Korleis du med 5 grep får mest ut av sesongen

Kvardag

/

No items found.

July 10, 2024

No er me midt i sesongen for sanking og hausting av mat og her er fem tips som kan hjelpe deg til å få mest mogleg ut av sesongen! 

1. Gå for nytteverdi

Om du har lyst til å byrje sanke, plukke og dyrke eigen mat samt foredle den gjennom tørking, frysing eller sylting, er det eit grep som er særskilt viktig: Start med dei matvarene som er mest nyttige for deg!

Det er lett å la seg rive med av kva andre held på med, då det er fantastisk mykje ein kan lage. Men om du ikkje drikk saft, syns at sylta raudbetar smakar vondt og poteta for lengst er byta ut med pasta og ris, er det langt lurare å gå for bringebær som du brukar fast i smoothien, oregano som alltid er i pastasausen eller ripslikøren som er fast gjest til desserten på julafta. Går for det som du veit blir ete og drukke opp! Då vert arbeidet enda meir meiningsfyllt og motivasjonen større.

2. Ta reknestykket

I desse dagar med høge matvareprisar, spelar kassalappen ei rolle. Ta gjerne ein ekstra sjekk av kiloprisen på dei grønsakene, bæra og frukten du handlar fast. Kor mykje trur du at du brukar av matvaren kvar dag (eller veke), og kva skjer om du gongar talet med 365 dagar i året, og så kilopris i butikk? Her kan ein lett få seg ei overrasking. Kanskje er nokre timar blant bringebærbuskane noko som kan krympe kassalappen elles i året?

Her er eit døme:

Eg tok ein sjekk i butikkane i går etter å ha vore på blåbærplukking. Frosne bær er noko me brukar mykje, då eg likar å lage smoothie til både meg sjølv og ungane. Når eg lagar ein stor porsjon som er nok til fleire glas, brukar eg gjerne 200 g frosne bær, litt frukt, nokre grønsaker (ungar kan ete enormt mykje grønkål om du gøymer den i ein smoothie!), eplemos og kefir.

Så, viss me tek utgangspunkt i 200 g frosne bær og eg skulle ha laga smoothie kvar dag, treng eg 73 000 g bær i året, altså 73 kilo. Kva er eigentleg det i kroner og øre?

På Coop Extra var kiloprisen på Xtra-blåbær 80 kroner medan dei økologiske frå Änglamark låg på 108,44. På Rema 1000 var kiloprisen på frosne blåbær 76 kr per kilo. 

Det vil seie at dersom ein kjøper frosne blåbær i eit heilt år, havnar kassalappa på mellom 5548 kr og 5840 kr. Dersom ein ønskjer å kjøpe økologiske, frosne bær, havnar kassalappa på 7916,12.

Blåbæra som veks villt ute i skogen no kan fint reknast som økologiske. For kvar kilo du plukkar og frys ned til smoothiar i haust og vinter, er det definitivt pengar å spare. Det er fin motivasjon! 


3. Treng du ikkje maten? Del den vidare!

Viss du har mange ripsbuskar, epletre eller ei fantastisk avling med grønnkål som du ser du ikkje kjem til å få bruk for, tips andre om det! Sørg for at maten du har tilgong til, blir delt vidare om du ikkje skal ha den. Det er god ressursutnytting, då nedfallsfrukt som blir liggande, salatblader som visnar og multer som blir verande igjen på mulemyra også er ein form for matsvinn. Samarbeider me her, kan me drive stor matredding samstundes som me gjer kvarandre veldig glade!

4. Bruk det du har til oppbevaring

Eg har to favorittmåtar å oppbevare mat på når eg skal sylte, tørke eller fryse ned. Det er to behaldarar som eg alltid har i hus: syltetøyglas og tomme mjølkekartongar!

Glasa vasker du berre etterkvart som du har ete opp salsaen frå fredagstacoen eller masjonesen frå Hellmanns, og set dei til sides så du har dei tilgjengeleg med ein gong du skal fryse ned noko. 

Tomme mjølkekartongar laga om til behaldarar, er litt ekstra geniale grunna forma dei får! Den kubiske forma gjer dei enkle å stable i fryseboksen eller fryseskapet, slik at du får utnytta plasskapasiteten best mogleg. Sjå video over for framgongsmåte for korleis du klipper dei til og tar dei i bruk!  

NB1: Hugs når du skal fryse ned, at væske utvidar seg. Dersom du skal fryse ned suppe eller saft, bør du difor la det vere god klaring til toppen så væska ikkje sprenger behaldaren den er i. Fastare mat som gryter, bær og anna mat utvider seg ikkje i like stor grad, og då kan du ha meir i behaldarane. Når eg frys ned bær, let eg det vere igjen 1-2 cm til toppen. 

NB2: Bruk frysetape når du limer igjen mjølkekartongen. Den mister ikkje limet i kald temperatur og sit godt på. Frysetape får du tak i i vanlege matbutikkar og den heng ofte der du finn notisbøker, sprittusj, vanleg tape med meir. 

5. Nyt her og no! 

Når me snakkar om å ete i sesong og ta vare på det me dyrkar, handlar det ikkje om at ein skal spinke og spare på det ein samlar. Det er minst like viktig at ein nyt her og no! Et og kos deg, for maten er heilt klårt best når den er fersk. I tillegg er det noko med å bruke alle sansane når me nyt dei ulike tidene på året. Det skapar gode minne og matminne som ein ber med seg vidare i livet. Far min hugsar framleis skåla med blåbær, mjølk og sukker som han fekk til frukost kvar morgon på sommaren då farmora mi plukka bøttevis med blåbær. Det er gode barndomsminne!

Kva eg les i sommar

Lesetipa

/

No items found.

July 5, 2024

Å gå inn i ein bokbutikk, eit bibliotek eller eit hagesenter, gir meg akkurat same kjensla. Eg får vatn i munnen. Eg overdriver ikkje. Augene blir sultne og eg får lyst på ALT! Eg må jobbe hardt for å begrense meg og har eigentleg berre lyst til å flytte inn.

Kanskje det er difor ein haug med sommarferiebøker bør settast saman som ein skikkeleg god smågodtpose? Noko bør vere trygt og godt, noko så syrleg at håra reiser seg på ryggen, noko nærast utan tyggemotstand og noko som krevjer litt meir arbeid, men som (ofte) gir ei rikare og meir langvarig leseoppleving.

Diverre har det blitt mindre og mindre tid til lesing dei siste åra. Det er like mange timar i døgnet som tidlegare, men med smarttelefonen sitt inntog i heimen, tek eg meg sjølv i å stadig vekk scrolle bort tida eg kunne ha brukt til å lese nokre sider. Det gjer meg sur og irritert, for scrolling når ikkje boklesing til anklane. I grunn har boklesing motsatt effekt på meg, samanlikna med mobilen. Medan scrollinga gjer meg kokt i hovudet, uroleg og ofte klitt nedstemt når eg innser at eg har scrolla bort skamfullt mykje tid, får lesing av boksider pulsen til å dale. Tankane vert meir samla. Eg vert meir samla og det er nærast ein form for meditasjon. Etterpå kjenner eg meg alltid roleg og tilfreds, nærast uansett kva eg har lest.

Eg er stor tilhengar av å heller legge til gode ting, enn å bruke mykje energi på å trekke bort dei dårlege sakene. Som å heller fokusere på å ete eit par gulrøtter til dagen, enn å unngå smågodt. Det same gjeld med lesing, så denne veka gjekk eg innom det fabelaktige biblioteket me har i bygda og lånte ei stor budde. Det er tvilsamt at eg kjem gjennom alle, men eg likar å ha eit utval som eg kan plukke frå ut i frå stemning og energinivå. Av og til vil ein ha det lett og lystig. Andre gonger meir faktatungt og krevjande.

Først ut er to diktsamlingar. Eg har ein aukande fascinasjon for Halldis Moren Vesaas og det same med dikt. Dikt syns eg var keisamt greier då eg gjekk på skulen, men då eg byrja å studere litteratur og me vridde og vrengte på dikt, oppdaga eg kor mykje ein kan fortelje med få og korte linjer. Det er kunst, det! I tillegg er dikt veldig praktisk når ein stadig vert avbroten i lesinga. Ein rekk å lese eitt og kan gå og tygge litt på det fram til neste lesestund. Som seg hør og bør, la eg også til ei diktsamling av Jon Fosse. Han skal eg lese mykje framover.

Eg har eit litt todelt forhold til bøker om klimakrisa. Eg vil så gjerne lese dei, men somme gonger tynger alvoret for mykje og eg vert trist og apatisk i staden for modig og optimistisk. Tittelen En klimabok du orker å lese snakka difor voldsomt til meg. Eg gler meg til å lese og skal gi dykk rapport!

Akkurat no kjennest det som det kokar på alle kanter i verda, og Frankrike er eit av landa der eg ikke kjenner eg har heilt kontroll på. Eg plukka difor med meg Det polariserte Frankrike -samtaler med et splittet folk av Tom Solstad, i håp om å bli litt klokare.

Sandra Lillebø si En fransk familie har fleire anbefalt meg. Relasjonar og forviklinger er alltid artig å lese om!

Vidare må ein alltid ha med ei bok som får ein til å gå tilbake i tid. Morfar elska krim, og særleg britisk krim. Frå tidleg av mata han meg med Nancy Drew-bøker før han gjekk over til Agatha Christie. Det er godt mogleg forelskinga mi i det britiske kjem frå han. Denne sommaren les eg The Hound of Death.

Så vender eg tilbake til samtida og Midtausten. Også her kjenner eg så ofte at kunnskapen kjem til kort. Særleg etter oktober 2023, då krigen på Gaza braut ut. Sjølv om eg tvilar sterkt på at ein nokon gong kan forstå kvifor ei konflikt kan (og får lov til å) eskalere til eit vanvittig vis, skal eg likevel forsøke å lese Den lange uken - En grenseløs reise i Midtøsten.

Til slutt har eg også plukka med meg ei bok som har stått lenge på leselista mi. Arvingen-serien til Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug må seiast å vere ein braksuksess med eit enormt sal, omsetjingar til mange språk og Netflix-serie. Den har blitt lest av mange tidlegare elevar og no gler eg meg til det som må bli ein real lesefest.

Markblomar, stygg bluse og gøyming av grønsaker

Kvardag

/

No items found.

June 19, 2024

Vekene før sommarferien går alltid unna som ei rekke med bølger som slår hastig mot land. Likevel blir det fort mykje glitter når alt skal skje på ein gong. Her er ei handfull frå vekene som har gått:

Vegkantane byrjar å bugne av markblomar og det er så vakkert! Hundekjeks, smørblom og revebjeller sprett på alle kantar. Dette er frå ein kveldstur opp til Berge. På begge sider beita der sauer og kyr som tusla dovent rundt i sommarkvelden. No er tida som me lengta etter under tidenes lengste og kaldaste vinter. Eg supar det inn med store magedrag.

Eg feira bursdag med ein bluse eg akkurat hadde fått i posten. Eg hadde kjøpt den på Tise og var meget nøgd, heilt til dotter såg meg og sa «Oi… skal du gå sånn?». Den fekk tydelegvis ikkje terningkast seks hjå alle, men heldigvis så var eg blitt 38 år og då bryr ein seg ikkje lenger så mykje om kva andre syns. Eg fortsatte difor å strutte rundt ut dagen.

Me feira bursdag på Fønix. På bygda gjeld slagordet «use it or lose it» når det kjem til serveringsstadar. Det er ikkje så dumt, at ein ved å ete og drikke godt kan gjere noko positivt for lokalmiljøet. Eg ofrar meg gjerne.

Eg reiste på noko særs etterlengta: ei overnatting på hytta vår med Støttegruppe under Korona. Me er ein gjeng gamle kollegaer som er blitt til gode venninner. Under pandemien oppretta me ei Messenger-gruppe der skravla gjekk medan me sjonglerte heimeundervisning av elevar, heimeundervisning av eigne ungar, smittervern, drift av heim, mental helse og själva, sjuka livet under nedstenging. Støttegruppa lever i beste velgåande enda. Ein veit jo aldri om det kjem ein ny pandemi, så best å vere på sikre sida.

Eg må aldri slutte å minne meg om at livet er best ute og at vêret alltid ser verst ut når du står inne og kikar ut. Eg samlar på fjelltoppar i sommar og på Auastadnuten klårna gråvêret som eg hadde gått opp i. Det var fin premie!

Multene var i anmarsj i lyngen og eg gler meg til seinsommaren. Multer er dei kjekkaste bæret å plukke, då dei fyller opp boksen fort!

Eg bada i eit kaldt Ilsvatn, men i godt selskap og med kaffi på land, går alt an. Også kjenner ein seg uforskamma vaken etterpå.

Eg gjekk på smellen med å smake på urter i åkeren med eittåringen. Eg tenkte eg var pedagogisk mor. Resultatet var eit born som snart har forsøkt å smake seg gjennom heile hagen, og det bør ein ikkje gjer av helsemessige årsaker. Men bittesmå gulrøter, det går an! Her frå ei tankefull stund på gonggolvet med ein neve full av gulrøter som han hadde røska opp frå ein plantekasse. Fint å få hjelp med tynninga!

Me et plukksalat for harde livet og dei som ikkje er så gira på salat, får den gøymt i ein smoothie. Det er eit av mine beste tips etter snart elleve mammaår. Ungar kan ete enormt mange sunne ting når dei ikkje veit om det.

Eg arva ein kjole av den stilfulle tanta mi. Den kjøpte ho i England til eit bryllaup på åttitalet og eg diggar den!

Me fekk kyndig hagehjelp av styret i Etne hagelag sidan me skal ha open hage 26. juni. Det minna meg om idéen «dugnadslaug». Kan me ikkje alle berre organisere oss i laug der me kjem heim til ein i lauget ein gong i månaden, jobbar eit par timar med noko som personen skulle ha gjort i hus eller hage, for så å avslutte med eit måltid? Tenk på kor mange vindauge ein hadde fått pussa, sokkar som hadde blitt para, bed som kunne blitt luka! Denne idéen blir betre og betre desto oftare eg tenkjer på den.

Etne cup skjedde og denne fotballmammaen måtte svinge innom Fugl Fønix for ein ekstra god kaffi. Fotball er kjekt. Kaffi er eit must.  

Kjøkenbordet vårt ber preg av Sommarles og bursdagsfeiringar i juni. Eg er sugen på ein rutet duk for å verkeleg dyrke sommarkjensla i sommar. Kanskje finn eg ein i Bruktbua i Etne?

Alkoholfrie favorittar i sommarvarmen

Mat

/

No items found.

June 6, 2024

Foto: Copenhagen Sparkling Tea Company

I alle mine graviditetar har eg vore gravid gjennom sommaren. Men ein vil jo framleis ha nokre ekstra godt å leske seg på på seine sommarkveldar, i tillegg til vatn og brus. Magesommarane har eg difor nytta til å utvide horisonten når det kjem til alkoholfrie alternativ.

Det må eg seie: det har vore ei rivande utvikling frå 2013 til no! På elleve år har utvalet innan alkoholfritt øl og andre drikker eksplodert. Og det er kort mellom høgdepunkta.

Her er nokre favorittar som blir med inn i denne sommarferien også. Dei mest tilgjengelege, er Clausthaler sin RadlerMunkholm sin Fruktig IPA og Stone's Ginger Jo i alkoholfri versjon. Desse får du tak i på dei fleste daglegvarebutikkar. 

Om du vil opp eit hakk og prøve noko enda meir nytt, må du prøve Sparkling Tea Lyserød og Sparkling Tea Blå frå Copenhagen Company som du får tak i på Vinmonopolet. Dette er eit nydeleg alternativ til cava, prosecco eller annan boblande drikk. Eg syns Lyserød var eit hakk betre enn Blå.

Om du likar ein søtare variant, som er like boblande men som også born kan like, er Sprudlande Margaret frå Balholm svaret. Denne flaska tyr eg til stadig vekk, både som gåve og til fest. I Etne får du den både på Rema 1000 og på polet. 

Til slutt; sjekk ut sidene til Leske! Dei sel masse spanande alkoholfri drikke (alkoholfri gin er uventa bra!) og har ei rekke oppskrifter når du til dømes vil bjuda på ein alkholfri drink. Skål!

Tips: på instagramkontoen min har eg eit høgdepunkt som heiter "Alkoholfritt". Her har eg samla litt meir info om dei alkoholfrie favorittane i fjor, samt gode tips eg fekk frå fleire følgjarar.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.