Kva er menskopp?
Grøne tips
/
July 13, 2024
Me kvinner i verda brukar i snitt 11 000 bind og tampongar i løpet av eit liv. Det blir til mykje avfall! Med omsyn til at produksjonen av desse varene også fører til store utslepp, er det også gode miljømessige årsaker til at ein kan sjå etter alternativ til tampong.
Samstundes melde NRK denne veka om ei bekymringsfull sak. Amerikanske forskarar sjekka tampongar kjøpt i EU, Storbritannia og USA. Dei fann giftige metallar som bly og arsen i alle. Ein fryktar dette kan føre til helseskadar hjå kvinner. Det er difor både miljømessige og moglegvis helsemessige årsaker til å sjå på alternativ til tampongar.
Men først, for å velje tryggare tampongar, anbefalar Miljødirektoratet å gå for svanemerka produkt som er underlagde eit strengare regelverk enn andre produsentar. Her er ein fin oversikt over kva for nokre svanemerka tampongar du kan finne i butikk.

Her er ein guide til eit supert alternativ!
skopp er blitt meir og meir populært dei siste åra men har framleis godt av å bli løfta fram i lyset. Eg starta å bruke menskopp for sju år sidan, etter å ha vore skeptisk i fleire år. Eg tenkte det kom til å bli tungvindt, uhygienisk og utrygt, men alle fordommar vart gjort til skamme. Den er no min soleklare mensenfavoritt! Eg har dei siste åra brukt OrganiCup.
Å bruke Organicup føles tryggare, meir hygienisk og er langt meir komfortabelt enn å bruke bind eller tampong. Koppen er enkel å bruke og det einaste "aberet", er at du kan gløyme ut at du har den i, samt at du ikkje kan bruke den om du har spiral. Det er fordi det er fare for at spiralen kan flytte på seg eller bli trekt ut når du tek ut menskoppen.
Set du menskoppen inn på rett vis, kjenner du ikkje at den er der. Koppen er laga av medisinsk silikon, varer i opp til fem år og skal vere heilt trygg å bruke. Den kjem med ein praktisk tøypose som ein kan ha den i, når den ikkje er i bruk.

Ein kan ha koppen i i 8-12 timar om gongen. Det mjuke materialet gjer at koppen formar seg etter kroppen og du kan drive yoga, springe, hoppe, svømme og danse utan at det er eit problem.
Koppen kjem i to størrelsar, ein for dei som ikkje har født vaginalt (str. A) og ein for dei som har født vaginalt (str. B). Det einaste du må passe på, er å sterilisere den i kokande vatn i starten av kvar menstrasjon, før du tek den i bruk. Under perioden, skyller du den berre under springen når du har tømt den, før du set den inn igjen. Dette var den delen eg var mest skeptisk til, men det er mykje meir lettvint og udramatisk enn ein ser for seg.

Når du skal bruke den, folder du den saman som på biletet under, og set den inn. Når du skal ta den ut att, trekk du berre i enden. Fleire tips til korleis du skal sette den rett på plass og andre ting det er nyttig å vete om, finn du her.

Menskopp er kort og godt enklare, meir økonomisk og betre for miljøet enn tampongar og bind. No er den også eit tryggare alternativ, etter studien som undersøkte innhaldet i tamponger selde i Europa og USA.
Det er elles ikkje berre OrganiCup som produserer menskopp. Også Mooncup, Divacup og Lunette fører det same konseptet. Om du bur i Etne, har dei merket Belladot inne på Vitus apotek på Etne senter. Eg kjenner fleire som er nøgde brukarar av dei ulike merka, men eg har så langt berre testa ut OrganiCup. Eg er utruleg nøgd og kjem til å fortsette med den.
Dette er ikkje spons, men produkt kjøpt for eigne kronasjer. Dette er forresten eit fint gåvetips til dei som har alt! Eg har kjøpt fleire som eg kan gi bort.