GLITTER OG GRØNSKE

Kjøkenhagen i juli

Hage

/

No items found.

July 24, 2024

No i juli har kjøkenhagen heime eksplodert. Det veks som det knakar både i matvekster og blomstereng (ohoi, blomsterenga må me snakke meir om seinare!).

I plantekassane nærast hagen, har me  eit Maria Berg Hestad-prosjekt. Då ho hadde foredraget sitt Matauk i pallekarm i Etne i vinter, kjøpte eg den store pakken med frø til alle 12 pallekarmane ho har i boka. Me har ikkje fulgt såprogrammet som er skildra i boka 100%, då noko av det som skal dyrkast vert allereie dyrka andre stader i åkeren. Likevel har det vore artig å sjå korleis ein kan utnytte ein pallekarm best mogleg ved å så og hauste fleire sortar til ulike tidspunkt gjennom sesongen.

I juli har me hausta reddik, gulrøtter, salat, urter, betar, brokkoli og grønkål frå desse pallekarmane. No på slutten av månaden skal me også ta opp dei første sommarpotetene.

Elles i åkeren er det meir gulrøter (i plantekassar), sukkererter i mengder, kvitlauk, lauk, grønkål, raudbetar, salat og pak choi som me et no.

Raudbetane står til tider tett, men då haustar me litt her og der slik at me tynnar dei samstundes. Det same gjer me med gulrøtene og betane.
Sjekk den brokkolien! Vakkert!
Min favoritt-kål, knutekålen, er ny sort i åkeren og no kjem den for fullt! Dei er litt for små til å haustast enda, og skal få kose seg og vekse seg større før me et dei.
Det beste med sukkerertene, er at dess meir me et, dess fleire blir dei!
Solsikkene byrjar å strekke seg høgt og på seinsommeren står alle i blom.
Agurkurten veks villt i åkeren, og somme stader let me den vekse opp i tuer. Blomane smakar som agurk og er både fine å ha i salat, og som tørka kakepynt. Like bra er at dei også er ein skikkeleg humlefavoritt!
For at pallekarmane med salat verkeleg skulle bugne under open hage, lot me dei vekse og vekse. Det førte til at fleire sorter frøa seg, men me et fortsatt av salatblada og dei kjem igjen og igjen.
Den første solsikka er på plass!
På dette tidspunktet av sesongen prøver ugraset alltid å få overtaket. I år har me klart å halde det meir i sjakk enn vanleg. Kanskje fordi me luka litt meir enn vanleg i juni grunna open hage?
Me klypper ein liten sti mellom blomstereng og kjøkkenhage med plenklyppar. Elles får det vekse nesten vilt på begge sider. Det er ein herleg korridor!

Mykje et me ferskt som det er, og fleire sortar som gulrot, salat, reddik og betar til dømes, har me ikkje meir av enn at det er nok til forbruket vårt her og no. Grønkålen held seg heilt fin i åkeren fram til frosten kjem, så den kan ein like gjerne la stå om ein har lyst på grønkål også utover hausten.

Likevel er det nokre saker eg likar å foredle i juli.

  • Bær som rips, bringebær, blåbær og multer som me anten har i hagen eller sankar i skog og på fjell, frys eg anten heile ned i mjølkekartongar, lagar saft eller likør av. Safta frys eg ned på glas, medan likøren held seg fint i tørt og tett Norges-glas i kjøleskap eller jordkjellar.
  • Kronblada til ringblomen og blomane til agurkurten tørkar eg og brukar til kakepynt gjennom året. Det er både vakkert og nyttig!
  • Graslauken klypper eg ned og finhakkar fleire gonger gjennom sesongen. Eg let det tørke på eit steikebrett i romtemperatur nokre dagar før eg har det på eit tett glas til bruk i sausar og gryter.
  • Urter som oregano og mynte tørker eg til bruk som krydder og te. Då kan ein fint klippe bukettar, knyte dei saman og henge opp ned til tørk. Oppbevar på lufttett boks fram til det skal nyttast.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.