Kvardagssalat
Mat
/
March 10, 2023
Å ete "5 om dagen" er noko alle veit er bra, men det kan likevel vere så merkeleg vanskeleg somme gonger. Når matlaging skal skje fort i kvardagen, er det av erfaring ofte det grøne som ryk først. Å mette magane er viktigast, og så kjem tilbereding av grøntfor som eit overskotsprosjekt.

Rå grønnsaker i stavar til både matboksen og middagen er ofte redninga for oss og ein slager hjå borna. Men ofte saknar eg meir variasjon og spanande løysingar. Å ete grønt skal jo ikkje berre vere grunna næringsinnhald. Det skal jo også vere fordi det er godt!
I ein salat kan ein få i seg mykje grønt, og sørger ein for at den inneheld alle byggeklossane ein treng i eit fullverdig måltid, held den deg mett lenge. Klarar ein i tillegg å lage salatar som minnar om dei ein får på restauranten Bønder i byen i Kristiansand, er det full pott. Dette er ein av mine favorittstader å ete når me er på besøk hjå svigerforeldra mine. Bønder i byn lagar store, mettande salatar med digge saker på toppen. Der bestiller du ikkje ein salat fordi du tenkjer du skal vere litt sunn og fornuftig. Du bestiller ein fordi det er det smakslaukane dine har aller mest lyst på når du les menyen.

Å lage mykje om gongen av noko, så ein har til fleire måltid, er eit effektiviserande tiltak. Samstundes blir vanlege salatsortar fort dvaske om du lagar salat og oppbevarer den over eit døgn i kjøleskapet. Kålen derimot, er meir robust og held seg sprø og fin. Så lenge salaten får litt fukt i form av sitronsaft og olivenolje, har du ein salat som held seg lekker i fleire dagar. Kålen er nøkkelen i denne salaten og det er ikkje ein nedtur.
Kål er noko av det sunnaste me kan ete! Det er også ein grønnsak som trivst godt i det norske klimaet, og det er lett å finne norske kålsortar i butikken store deler av året. I tillegg til tre sorter kål, inneheld salaten kokte byggryn som eg syns er eit supert alternativ til ris, pasta, couscous og quinoa. Byggryn mettar godt. I tillegg er det linser og bønner for å tilføre meir protein, og purre eller raudlauk.

Bladpersille er eit fint krydder som passar med dei fleste andre smakar. Den hever kålen, men funker i tillegg saman med alt anna som du kunne tenkje deg å toppe salaten med. Salaten kan fint etast aleine, men om du vil gjere den enda meir mettande eller legge til fleire smakar, er det berre fantastien som set grenser. Eit kokt egg og nokre sardiner? Hummus? Salt ost som feta eller halloumi saman med nokre betar appelsin eller litt eple? Restane etter fiskemiddagen dagen før? Moglegheitene er mange med ein nøytral salat i botn.
Salaten kan stå i kjølskapet og bli sett fram på bordet med ein gong du treng noko grønt. Gjerne fleire gonger til dagen! Saman med med gryta du har laga til middag, i tacolefsa, i ein wrap til lunch eller i ei skål med det du finn av godt i kjøleskapet til kvelds. Lagar du ein stor porsjon, har du ei grøn løysing til fleire dagar utan at det krevjer ein innsats kvar dag.
Eit lite aber før du les ingredienslista og eventuelt lagar salaten. Eg lagar den alltid litt på måfå ut i frå det eg har i kjøleskapet. Tilpass mengdene undervegs slik at salaten får den balansen av ingredienser som du ynskjer. Måla eg har lagt inn er litt omtrentlege av det eg plar bruke.

Og eit siste lite tips: finhakkar du kålen, lauken og persillen, får du ein salat som kan etast med skei. Det er ikkje dumt om du skal balansere ein baby på den andre armen eller har litt dårleg tid.
Ingrediensar
- 100g ferdigkokte og avkjølte byggryn
- 1/4 blomkålhovud (kun duskane)
- Ca. 300 g hovudkål eller raudkål
- 1 neve grønnkål
- 1/2 purre eller raudlauk
- 1 boks kokte bønner
- 1 boks kokte linser
- 1 neve bladpersille (om du kjøper fersk persillen i boks, pleier eg å bruke heile boksen)
- safta av 1 sitron
- litt olivenolje
Finhakk kålen, purren/lauken og persillen. Bruk berre blomkålduskane. Resten av blomkålen kan du bruke i ein rotstappe eller noko anna godt.
Bland saman med byggryn, bønner og linser i ei stor bolle. Tilsett sitronsaft og olivenolje og bland godt. Oppbevar i kjøleskapet med eit lok eller ein middagstallerken på toppen. Om salaten skulle bli litt tørr etter nokre dagar, tilset du berre meir olje.