Udanna familiemedlem
Kvardag
/
January 10, 2022

Ein av effektane etter å hatt shoppestopp eit år i 2013, er at det å fikse eit plagg gir gir uventa stor luksuskjensle. Det var då eg oppdaga vidunderet reinsing av plagg og at mykje kan fiksast utan dei store syferdigheitene. Det er så ofte utruleg lite som skal til for at noko kjennest nytt att.
Denne vinterjakka kjøpte eg på Finn.no for seks år sidan, og den har haldt meg varm sidan. Den er så tjukk at eg er sikker på at eg kunne ha overnatta i den i -20. Ok, akkurat det bør gjerne ingen teste då det er lite aktiv forsking som er gjort på det frå mi side, -men like fullt; den er varm og eit sikkert kort kvar vinter. Men den har måtte tole mykje. Då me flytta frå Haugesund trykte eg den berre ned i ein oppbevaringspose utan å sjå så nøye på den, og den var skitten og stygg då eg fann den fram i haust. Dråpen kom (bokstaveleg talt) då eit familiemedlem tissa på den i jula. Jakka vart sendt til rens med første moglegheit og kom tilbake nokre dagar etter, og såg heilt ny ut. Det er stas!
Så var det dette familiemedlemmet, som ikkje akkurat har tedd seg som ein danna gjest i jula. Han har ikkje berre tissa på jakka, men også utan skam gjort frå seg på stovegolvet i tide og utide. Han har delteke i juleselskap men helst sete under bordet og dratt andre familiemedlemmer i buksebeinet. Han har plukka ned julepynten på juletreet og kasta den entusiastisk rundt i rommet. Når me har gått ut av huset utan å spørje om han vil vere med, har han ropt klagande til me er tilbake. Han har trossa alle intimgrenser og vil helst vere med familiemedlemmer på toalettet for å sjå på. Han deler ut ukontrollert med våte kyss i tide og utide. Han har smugete skinkepålegg frå kjøkenbordet. Han har kjefta på alle nye menneske som har komt over dørstokken og vil helst at dei skal forlate lokalet. Han har blitt nekta adgong til kaninhuset etter å ha vist kritikkverdig åtferd, og sit støtt og stadig utenfor og sturer. Når det til slutt har blitt litt mykje for han, har han lagt seg under juletreet og snorka høgt.
Han er beint fram den mest uhøflege og intense personlegdomen me har møtt. Det er jammen meg flaks at han ikkje er ein vaksen mann, men ein frykteleg søt hundekvelp på tre månadar.
