Tre tankar
Kvardag
/
No items found.
January 30, 2022
.jpeg)
Det er mykje som kverner i hovudet i løpet av ei veke. Her er tre tankar eg ikkje fann svar på i veka som gjekk, som på merkeleg vis har hatt like høg prioritet.
- Kva bør ein gjere med randsoner som gror att? Langs heile bøen vår er det gjengrodd med kratt og gamalt gras. Greiner frå tre heng langt innover bøen, og somme stader er det opp til tre meter inn på bøen ein ikkje får klypt. Ryddegenet mitt får lyst til å klyppe ned alt slik at kulturlandskapet med steingardar og trerader kjem sirleg fram. Like viktig er det at dei som slår graset hjå oss får mest mogleg gras ut av jordlappen. Samstundes meiner eg å ha lest at bønder vert oppmoda om å la kantene vekse litt igjen, for å legge til rette for vekster, fuglar, insekt og andre smådyr. Kva er rett? Klyppe for å halde kulturlandskap og grasproduksjon i hevd, eller å la det gro att for biomangfaldet sin del? Her vert eg ikkje klok.
- Kva er det Putin eigentleg vil? Gassledningar, Ukraina og straumkrise i Europa? Kva heng saman med kva? Er det eigentleg Kreml me skulle ha sendt den skyhøge straumrekninga for desember til?
- Kva syns eg eigentleg om And Just Like That? Er Carrie, Miranda og Charlotte anno 2022 alt me saknar, eller treff ikkje dialogane og tematikken i det heile? Er dei blitt for overfladiske for oss no, eller er serien framleis verd å bruke seine kveldar på?