GLITTER OG GRØNSKE

Miild

Grøne tips

/

No items found.

January 25, 2022

Eg har lenge sakna eit sminkemerke som ber Svanemerket i butikkane. Mange merke marknadsfører produkta med ord som "organic" eller "environmental friendly" men det er ikkje alltid så enkelt å skjøne i kva grad dei er meir miljøvenlege. Det fine med Svanemerket, er at produktet må oppfylle ei heil rekke kriterier, frå ingrediensar, til innpakking, produksjon og transport, for å nå opp til krava. Svanemerket har på mange måtar allereie "gjort jobben" for oss forbrukarar, og det kjennest trygt og godt.

Danske Miild er det første sminkemerket som har fått Svanemerket, og det siste året har eg testa fire av produkta deira. Eg kjøpte dei for eigne kronasjer i Vita sin nettbutikk, men Lyko har dei også inne. Eg veit ikkje om fysiske butikkar som har dei inne enda. På bileta kan de sjå at fleire av produkta snart er brukt opp, då det er over eit år sidan eg kjøpte fleire av dei. Eg nyttar ikkje sminke kvar dag, -og heller ikkje alt på ein gong, men dei har vore drøye i bruk.

Natural Mineral Powder

Me startar med det eg var lite nøgd med. Eg er glad i mineralpudder, men gjerne eit som dekker litt og smelter inn i huden. Dette mineralpudderet hadde liten dekkevne og såg nesten gjennomsiktig ut på huden. Det gav også ei veldig tørr kjensle, og produktet var ei stor skuffing. Eg har ikkje brukt det vidare, då det rett og slett ikkje fungerte og var ikkje behageleg å ha på. Dette kjem eg ikkje til å prøve igjen.

Natural Concealer Duo

Denne likte eg godt! Det at du har både ein rosanyansen og ein gulaktig nyanse, gjer at du kan bruke den litt her og der, same om du vil dekke over mørke ringar under augene eller raude prikkar. Denne har eg brukt kvar dag, og ofte utan noko meir i ansiktet. Denne kjem eg til å kjøpe igjen.

Natural Mineral Blush

Eg kjøpte den i nyansen 03 Rose Reverie. Den gav fine, roseaktige kinn og eg har snart brukt den opp. Eg er usikker på om eg kjem til å kjøpe den igjen, då eg likar best blushar som kan smørast på. Har eg ynskt at fargen skal sitte ei stund, har eg innimellom heller tatt litt leppestift og smurt på kinna, då denne blushen forsvinn etter ei stund. Men her går det først og fremst på om ein føretrekk blush i pudderform eller som ein kan smøre på. Miild har ikkje komt med leppestiftar enda, men om det kjem, kan det fort hende eg heller kjøper ein slik som eg kan bruke på både kinn og lepper.

Define Easome Mascara

Dette er nok den beste mascaraen eg har prøvd! Miild har fleire typar, og denne skulle vere for den som likar mindre volum og meir kvardagsleg utsjånad. Eg syns den gav akkurat passe volum, og den sit godt på sjølv om den ikkje er vannfast. Den smittar ikkje av og gir fine vipper gjennom heile dagen. Denne kjem eg definitivt til å halde meg til framover.

Miild har komt med fleire produkter, og har no også leppepennar, flytande foundation, augeskugge, eyeliner, kostar og hudpleieprodukt. Desse har eg ikkje prøvd enda, då eg anten ikkje har bruk for produkta i utgangspunktet, eller har produkt frå andre merke eg ikkje har gått tom for enda. Eg vil prøve fleire av Miild sine produkt etterkvart som eg bruker opp gamle, då det er kjekt å bruke mest mogleg svanemerka. Så, det var dagens overfladiske (men forhåpentlegvis nyttige) innspel om meir miljøvenlege produkt i badeskapet.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.