GLITTER OG GRØNSKE

Glitter i helga som var

Kvardag

/

No items found.

October 29, 2023

Helga som var hadde fullt av både glitter og grønske. Den starta med kveldsmatbord på torsdagen som såg slik ut. Fullt kreativt kaos mellom rista brødskjever med smør og tekoppar.

Eg vart minna om sagnet om Hemming på Hellaug av ein kollega, og fortalde det til ungane som ein lokal forsmak på Halloween. Den fenga voldsomt og Hemming vart fanga med malarpenselen.

Eg fekk også sneke inn litt lesing i det nyaste tilskotet i bokhylla. Den er ei gåve frå litlesystra mi som veit akkurat kva som fengar. Denne boka må me komme tilbake til!

Laurdagen hadde me jobbedag ute då veret var godt. Eit av punkta på planen min var å grave ned tulipanlaukane eg tok opp i vår, i det runde bedet foran huset. Eg bar dei høgtidleg opp av kjellaren, sette dei på steinbordet, skulle berre noko, og vips var det mørke kvelden og eg bar dei forundra ned i kjellaren att. Finst det nokon i denne vide verda som nokon gong har komt seg gjennom ei gjeremålsliste? Eg fekk heldigvis utretta litt smått og stort av andre ting på lista, så eg sa meg nøgd likevel.

Mor mi hausta i åkeren og kom inn med rosenkålavlinga og romanesco. Bittesmå vart dei, men smaken var topp likevel. Smørdampa rosenkål er noko av det beste eg veit.

Midt i arbeidsdagen på laurdag, inviterte mormor på vaflar hjå seg. Ho har alltid vore så god på å plukke inn det som veks akkurat her og nå. Bordet hennar har alltid ein liten vase med noko fint. På laurdag var det dei siste blomane i hagen.

Me åt vaflar med nyrørt tyttebærsyltetøy og drakk kaffi til den store gullmedaljen før me trilla ut att.

På det vesle badet i 1. etg kjem me tett på lønnetrea. No er haustprakta deira på hell. Når det kun er gule blad att, er det ikkje lange stunda før trea står nakne att.

Søndagen baud på like strålande vêr som laurdagen. Me nytta høvet og kom oss til Hodlestadnuten. Som vanleg var beina til dei yngste i troppen tunge heile traktorvegen, men i det me kunne svinge av på stien ved den vesle varden, vart alle lettare i steget. Det slår aldri feil. Dei tyngste etappane er på flatt, tilrettelagd underlag, medan dei lettaste er på kronglete stiar med røter som stikk opp, steinar ein må klyve på og bratte heng.

Veka vart avslutta med denne flotte utsikta mot bygda då me kom ned. Kvar gong eg ser den, vert eg fylt med takksemd over å kunne bu på ein stad der fabelaktige turopplevingar og fjell ligg like over dørstokken.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.