Froskeprosjektet
Dyreliv
/
April 16, 2023

For to år sidan flytta mormora mi inn i ny heim rett over vegen frå oss. I hagen var ein dam som var overgrodd og liten. Utpå våren oppdaga me at det var komt mange froskeegg der, men vart samstundes litt bekymra. Dei neste vekene skulle det vere mykje byggearbeid, maskinar og støy rundt dammen og me var redde for at det kunne forstyrre utviklinga til froskane. I tillegg hadde dammen særs varierande vannstand og det var usikkert om det var gode nok tilhøve for alle utviklingsstega egga skulle gjennom.

Heldigvis har me kjekke naboar som hadde laga ein kunstig dam i hagen sin og som gjerne ville bidra med husrom. Vidar har eit stort engasjement for insekt- og dyreliv og han og Eline har gjort mange spanande tiltak på eigedomen sin.

Me gjorde difor eit lite naturfagprosjekt saman, der me flytta halvparten av egga opp til dei og lot resten vere. I den nye dammen var det godt med plass og den låg fredeleg til. Målet var å sørge for at det vart flest mogleg frosk av egga, då norske froskeartar har hatt tilbakegong sidan 1950-talet (snl.no).

Etter ti veker byrja rumpetrolla å få bein og halen skrumpa gradvis inn til dei var ferdigutvikla, små froskar. Det var tydeleg at tilhøva var særs ulike i dei to dammane. I den store dammen vart det mykje frosk, medan i den litle stoppa dei fleste på rumpetrollnivå. Det er nærliggande å tru at det ikkje var nok næring der.

No, to år etter, flytter me fortsatt froskegg opp til den store dammen og denne helga har det blitt transportert fleire bøtter. Dei neste vekene skal me følgje med på utviklinga i dammane, og det er jammen like spanande kvart år!

NB: i fylgje paragraf 15 i Forskrift om innfanging og innsamling av vilt for vitenskapelige eller andre særlige formål, skal levande vilt settas fri på same stad som det vart funne. Me tok difor kontakt med fleire fagfolk som alle meinte det var greit å flytte egga då det er såpass kort avstand mellom dammane og då føremålet er å sikre egga.