GLITTER OG GRØNSKE

Fred på ein fredag

Hage

/

No items found.

February 11, 2022

Vekene flyg om dagen og før eg får snudd meg er det fredag att. Tacomiddagen er overstått med energiske og glade ungar som boblar over av energi, medan me vaksne treng ein kaffikopp for at ikkje kroppen skal sovne over middagstallerkenen. Kjøkenbenken er overfylt av skitne glas og koppar. Eg bør ta den oppvasken med ein gong så den ikkje blir ståande. Hunden bjeffar og vil leike. Han burde vore lufta ein skikkeleg tur. Borna diskuterer høglytt det som skjer på skjermen. Burde me ikkje sette oss ned og sjå noko saman i kveld? På toppen kverner gjeremålslista for alt som burde blitt gjort i veka. Mange punkt vart haka av, men igjen står det fleire att. Kverna går.

Så løfter eg blikket og ser det framleis lavar ned ute. Eg dreg på meg jakka, trør føtene barfot ned i skoa og lukker døra til liv og røre bak meg. Ute er det heilt tyst. Det er som om snøen har lagt ei lyddempande dyne over bakkar, tre og bygningar. Berre ljoset som flaumer ut av husa gir teikn av liv. Eg skrur på sansane. Lytter etter lydar og kiker på det som er rett foran meg medan eg traskar rundt i hagen. Syrinhortensiaen står med tunge, snødekte greiner. Om somaren har den lodne, kvite blomeklasar. Når nøyaktig byrjar den å blomstre att? Fuglemataren er nesten tom etter at sultne småfuglar har vore på besøk. Var det enda ein fuglesort eg såg i dag då eg stod og laga middag? I eplehagen er hjortespora viska vekk av av den nye snøen. Hjort og rådyr kjem stadig på besøk på nattestid på leit etter noko å ete. Det kom så mange eple i fjor at me ikkje rakk å plukke alt, så eg raka det som vart dårleg i ei stripe ned mot bøen. Der har dei gått og ete heile hausten, og framleis kjem dei tilbake. Vil det komme like mange eple i år? Nokon har ete av haustblomen som står på steinbordet. Er det hjorten som har ete av den også? Plenen foran huset er enn så lenge urørt av føter og alt ser ut som eit julekort frå femtitalet. Var alt betre før, -eller har me det ikkje i grunn enda betre no?

Etter nokre minutt kjem brått ein blenkande traktor fossande langs vegen. Brøytemannskapet er ute for å sikre vegane. Eg vert reve ut av mi eiga verd, men det gjer ingenting. Ulike bøyingar av ordet "bør" har ein augenblink vore byta ut med rein undring. I hovudet er det ein ny fred, på eit vis som ingen mindfulness-app i verda kan bringe fram.

Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.