Ei hagehelg i godt selskap
Hage
/
April 29, 2024
I helga vann Etne hagelag prisen for Årets hagelag i Noreg! Det er kjempestort og veldig stas for oss som sit i styret. Eg, Marta og Sigrid frå styret møtte opp på Quality Hotel Gardermoen for å ta i mot prisen. Den var på femtusen kroner, eit bilete, heider og ære.

Då eg vart spurt om å vere med i styret for to år sidan, var første tanken at "dette har eg ikkje tid til". Men sidan det var så kjekke damer som sat i styret, og dei haldt på med så mykje spanande, klarte eg ikkje å takke nei. Det er eg veldig glad for!
Å jobbe med andre i ulike aldrar og med ulike bakgrunnar, der ein har ei stor felles interesse og eit ønskje om å lage gøyale og nyttige møteplassar for andre, er gull! I staden for å bli "nok eit punkt på lista", har dette vervet blitt ei stadig vitamininnsprøyting i kvardagen.

Dette var ein goodiebag etter min smak. Den innehaldt mellom anna ein georgineknoll!

Søndag morgon var me bedne om å halde ein presentasjon med "våre suksesshistoriar". Eg tok ein gjennomgang av kva me trur me gjer rett i drifta av hagelaget. På tre år har me tredobla medlemstalet og me er stort sett fullbooka på arrangementa, same om dei er for 20 eller 200 personar. Det må kallast ein suksess!

Me vart fotograferte av hyggelege Frøydis, journalist i Hagetidend. Ho hadde på førehand laga ei fin-fin sak med styreleiaren vår, Marta, som de kan lese her.

Før eg bussa heim att over fjellet, vart det tid til lunch saman med syster, svoger og tanteborn Liv. Me åt på Kumi Oslobukta og brunchen der kan varmt anbefalast!