Drenering med suksess
Hage
/
December 26, 2024
På tampen av året tenkte eg eg skulle kike tilbake på nokre av prosjekta me har hatt i hagen dette året, og me startar med det aller største! Gjentatte gonger har me fått ein eigen dam i hagen, då jorda ikkje klarar å svelge unna vassmengdene som kan komme i tyngre nedbørsperiodar.


Det er upraktisk på fleire vis, så me sette i gong med eit dreneringsprosjekt. Eller eit "skjult" dreneringsprosjekt om du vil.
Me har mange gonger sakna ein fast stad for langbord i hagen. Kva om me kunne kombinere ein uteplass og "sluk" for alt overskotsvatnet?

Etter å ha fundert litt fram og tilbake, kom me fram til at me skal gradvis dele hagen inn i ulike soner, der ei av dei er området med plen mellom eplehagen og austsida av huset. Der stod det kun ei tørkesnor, eit kvadratisk steinbord og nokre nypebuskar. Det har vore ein fin plass å drikke kaffi, men bordet har vore litt for lågt for middagsmåltid og større lag. Me teikna området opp og la inn eit eige areal for sittegruppe og drenering.
Det første me gjorde var å merke opp området me ville grave opp. Semulegryn gjorde susen som merking.

Så kom dyktige Kjell Kaldheim med gravemaskin og dumpers og gravde av det øverste laget av jorda, samt flytta nypebuskane. Steinbordet og tørkestativet hadde me plassert trygt på nye stader.

Etter at han først hadde lagt eit tjukt lag med pukk, og så litt singel, la me ein tjukk fiberduk over området. Då held me graset lettare unna. På toppen la me eit lag med småsingel. Me tenkte at me då var ferdige, heilt til...

me fekk eit innfall dagen før me skulle ha open hage i samarbeid med Etne hagelag! Brått måtte me legge skiferheller på toppen av singelen. Kvifor må eg komme tilbake til, men det vart uansett eit klassisk "best under press-prosjekt" der me i hui og hast fekk dekka plassen med skiferheller og justert dei slik at det var nokonlunde i vater før den store dagen.

Systra mi Mari var min medkompanjong og me er like gode på verneutstyr begge to.

Dagen etter var plattingen på plass og Etne viste seg frå si beste side. Heilt i rute for det som skulle bli ein makalaus hagefest! Den må må me mimre tilbake til ein annan dag. Ein kan skimte helleplassen i midten på biletet til høgre for drivhuset.

Så kom hausten og det var tid for å sette dreneringsprosjektet på prøve.

Det skulle vise seg å vere suksess. Då det kom kraftige nedbørsmengder over lengre tid i oktober, vart det verken pyttar eller flo i hagen. Me kunne trygt feire 5 x niårsdag i drivhuset.

Kanskje vil det bli annleis når det er tele i jorda, snøen smeltar og regnet kjem på toppen i mars-april? Det blir den endelege testen for dreneringsprosjektet. Me får vente i spenning.
Og til slutt: årsaka til at me la skiferheller på toppen av singelen var følgjande:
- då det var eit tjukt lag med pukk og singel, vart underlaget særs mjukt å både gå og sette møblar på. Singelen forsvann også inn i sandalar og utover plenen. Den var ikkje like praktisk som eg såg for meg.
- skiferheller er lunare enn singel. Om sola står på gjennom dagen, magasinerer hellene varme og det er lunt å sitte der også utover kvelden.
- me hadde flust med skiferheller! Heilt sidan dei reiv den gamle låven i 1985, har skifertaket frå den lege på lagring her på garden. Å kunne bruke det gamle låvetaket til noko praktisk og synleg som me har glede av kvar dag, er eit veldig kjekt gjenbruksprosjekt. Me går og sit eigentleg på det gamle låvetaket. Tenk på det!