GLITTER OG GRØNSKE

Den grøne stien

Grøne tips

/

No items found.

July 11, 2023

For ti år sidan hadde eg shoppestopp på klede og sko i eit heilt år, og det skulle endre forbruksmønsteret mitt meir enn eg ante. Eg var tidlegare enormt glad i å handle billeg og ofte. Skulle eg på eit julebord, kjøpte eg ny kjole. Stod eg foran sommarferien, kjøpte eg nye sommarklede. Samstundes kom kjensla av «å ha ingenting å ha på meg» igjen og igjen. Motivert av fleire journalistiske saker om skuggesidene ved moderne klesproduksjon og eit ønskje om å redusere eige forbruk både grunna økonomi og miljø, gjekk eg i gong.

Er det vits å fikse, reparere og gi kjærleik til klede som ikkje kostar ei formue? Som til dømes kåpa som vart kjøpt brukt for mange år sidan og som no hadde lause trådar og mange flekkar? Svaret er eit rungande JA! Alle klesplagg har like stor verdi når dei først er laga. Og me kan ofte forlenge levetida med enkle grep.

Året vart gjennomført med fleire aha-opplevingar og lærdomar. Mange av dei har blitt til nye vaner og tankegongar. Ein av dei er forbrukarstien som eg har laga meg oppi hovudet. Den følgjer eg på automatikk kvar gong eg tenkjer at eg eller familien treng noko nytt. At den har spart meg for mange kroner, redusert antal ting som kjem over dørstokken og med dette, også redusert klimaavtrykket vårt, er sikkert. Andre goder med å ha ein slik mental sti, er at ein vert flinkare til å ta vare på det ein allereie har og også å dele det med andre.

Ungar i arva klede og i ein bæresele som me kjøpte ny, men som har gledd fleire foreldre og born då den har vore på utlån fleire gonger. Alle treng ikkje eit sett av alt!

Så, om du har lyst til å rydde deg ein grønare forbrukarsti, er her fem fine steg du kan ta. Kanskje kan du stoppe allereie på steg ein neste gong du treng noko nytt? Eller kanskje ender du opp med å kjøpe noko brukt eller leige, i ein situasjon du trudde det ikkje var mogleg?

Ein treng ikke kjøpe ny dongeriskjorte, når ein kan låne av mannen sin. Kremt.

Den grøne forbrukarstien

  1. Treng eg eigentleg dette?
    Dette spørsmålet er nyttig å stille seg. Du som eg, veit at ting me brukar lite, er noko det ofte er flust av i ein heim. Om du er usikker på eit kjøp, sov på det. Overraskande ofte landar ein på eit nei. Dette spørsmålet er det mest effektive sparegrepet eg veit om.

  2. Har eg alternativ?
    Det er mykje som kan erstattast med noko anna. Eit kjøkenhandklede kan fungere som babysmekke. Ei bok i bokhylla som du alltid har tenkt at du skal lese, kan bli ferielektyre, i staden for den vanlege pocketen du kjøper hjå Narvesen. Ein øydelagt duk kan bli klypt opp og sydd om til tøyserviettar. Tenk kreativt!
  3. Kan eg låne eller leige? 
    Om du berre treng gjenstanden for ein kort periode, er det ikke naudsynt å kjøpe. Sjekk med vener og kjende om dei har det du treng til låns eller leige. Sleng ut ein status på Facebook eller ein instastory på Intagram. Me likar å hjelpe kvarandre! Om du ikke får napp hjå kjensfolk, sjekk Finn.no eller Hygglo.
  4. Kan eg kjøpe brukt?
    Det er godt mogleg nokon har svømmebriller eller ei reisetrille til sals OG bur i nærleiken slik at du rekk å få tak i det før du eventuelt reiser på ferie. Viss ikkje; skal du ein stad i Noreg, sjekk Finn.no, Tise og kjøp og sal-sider på Facebook der du skal! Kanskje kan du rett og slett svinge innom nokre kjekke folk ved reisemålet, vipse nokre kronasjer og få dei perfekte strandsandalane klare til bruk? På heimefronten, i kvardagen, har både Tise og Finn.no sørga for saumlause transaksjonar og sendingar. Det vert enklare og enklare å selje og kjøpe brukt. Og det som er nokon sin gråstein, er som oftast andre sitt gull.
  5. Kan eg handle nytt, i meir miljøvenleg form og/eller lokalt?
    Det finst stadig nye, miljøvenlege alternativ på marknaden for det meste. Samstundes kan det somme gonger vere vanskeleg å orientere seg i kva som er grønnvaska ( ikkje så miljøvenleg som det marknadsfører seg som) eller faktisk meir bærekraftig. Difor, om du først skal handle nytt, vil eg like mykje slå eit slag for å handle hjå dei lokale butikkane og bedriftene. Utsalsstadene som er tufta på nokon sin draum, som skapar lokale arbeidsplasser, som bidrar til liv i norske bysentrum og bygder og som sponsar lokale idrettslag og festivalar, med meir. Om det ikkje først og fremst går direkte på bærekraft med omsyn til klima og miljø, bidrar ein til bærekraftige tettstadar og langt fleire verdiar enn om ein kjøper noko på Amazon.

Då eg skulle ha eit strikkeprosjekt på ferie, landa eg på punkt fem. Men Husfliden i Mandal og norske garnprodusentar er vêl verd å støtte.
Laster kommentarer...
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.